Bly

grunnstoff med kjemisk symbol Pb og atomnummer 82

Bly er eit grunnstoff med kjemisk symbol Pb. Bly er eit metall i gruppe 14 i det periodiske systemet. Bly er eit uedelt tungmetall med lågt smeltepunkt. I luft vil bly vere blågrått på, sidan blyet vil regagere med oksygen og danne eit lag blyoksid på overflata. Dersom ein skrapar av dette laget vil bly vere sølvaktig, men vil oksydere og bli blågrått på nokre minutt.

 Tinn
 
ThalliumBlyVismut
 
Ununquadium
 
SIDENAMN i periodesystemet
SymbolPb
Atomnummer82
Kjemisk serieMetall
Tettleik11 340 kg/m³
Hardleik1,5
Atommasse200,59 g/mol
Smeltepunkt600,65 K
Kokepunkt2023 K
AggregattilstandFast stoff
(ved standard temperatur og trykk)

Bly funne i Sverige

Ioneradien til blyionet er omtrent lik ioneradien til Ca2+. Dette gjer at bly akkumulerer i beinvev.

Særskilde kjenneteikn

Bly er eit mjukt metall med dårleg elektrisk leiingsevne. Bly er motstandsdyktig mot korrosjon.

Bruk

Romerske blyrøyr

Bly er eit lettformeleg metall og har vore brukt sidan oldtida, mellom anna til røyrlegging, ballast, som byggemateriale, bindemateriale i glasmåleri, ammunisjon som blyhagl, sats i trykking, i måling og til matkonservering. Sidan stoffet er giftig har det vore mindre brukt i moderne tid. I dag vert bly mellom anna brukt i bilbatteri, og blysambindingar har vore tilsett i bensin for å auka oktantalet.

Historie

Bly har vore kjend sidan oldtida.

Førekomst

Blyglans (blysulfid, PbS) er den viktigaste kjelda for bly.

Kjemiske eigenskapar

  • Tetraetylbly

Sjå òg

Bakgrunnsstoff