Child in Time

Child in Time
Song av Deep Purple
frå albumet Deep Purple in Rock
UtgjeveJuni 1970
Innspelt4. desember 1969 [1]
Lengd10:18
SelskapHarvest (Storbritannia)
Warner Bros. (USA)
KomponistIan Gillan
TekstforfattarRitchie Blackmore
Låtskrivar(ar)
ProdusentDeep Purple

«Child in Time» er ein song av det engelske hardrockbandet Deep Purple på albumet Deep Purple in Rock frå 1970. Songen er 10 minuttar og 18 sekundar lang.

Historie

Ian Gillan har sagt at songen er basert på eit riff i ein song av det psykedeliske bandet It's a Beautiful Day, kalla «Bombay Calling». It's a Beautiful Day lånte på si side Deep Purple sin «Wring That Neck» og gjorde han om til «Don And Dewey» på det andre albumet deira Marrying Maiden (1970).[2]

«Child in Time» er i røynda forholdsvis enkel med ein orgelintro, tre powerakkordar og ein to minuttar lang solo. Teksten i songen er mørk og Ian Gillan nyttar heile spennvidda i stemma si frå roleg synging, til høglydt banshee-aktig skriking i høgt toneleie. Gitarist Ritchie Blackmore kjem inn med ein langsam solo, som byggjer opp med raskare og raskare speling og så endar brått, før heile songsyklusen starta igjen. Blackmore spelte vanlegvis på ein Fender Stratocaster, men på denne songen spelar han ein Gibson ES-335.

Songen vart fast på konsertane til Deep Purple frå 1970 til 1973 og seinare etter den første gjenforeininga i 1985 og 1987-1988. Songen er ikkje spelt like ofte etter 1995. Gillan har sagt det er personlege årsaker som ligg bak, men det er òg truleg at songen har vorte for vanskeleg å framføre, sidan han vokalmessig er særs krevjande. Den siste framføringa var ved operaen i Kharkov i 2002.[3] På denne konserten vart ein gitar i høgt toneleie nytta til å dekke over den no avgrensa spennvidda i stemma til Gillan.

Ein konsertversjon av songen finst på konsertalbumet Made in Japan frå 1972. Ein annan konsertversjon er på Scandinavian Nights / Live in Stockholm, spelt inn i september 1970.

Utmerkingar

Songen vart rangert på 16. plassen på lista til Guitarist frå 1998 over dei 100 beste gitarsoloane gjennom tidene.[4]

Andre versjonar og referansar i popkulturen

  • Songen vart spelt av Yngwie Malmsteen på albumet Inspiration i 1996.
  • Orgelsoloen til Jon Lord frå introen vart sampla av Big Audio Dynamite og nytta som introduksjon på songen deira «Rush».
  • Ein del av songen vert nytta i filmane Twister, Breaking the Waves og 23.
  • Songen vart nytta i dokumentaren One Day in September frå 1998 om gisselhendinga under Sommar-OL i 1972 i München.
  • Songen vart spelt av Cactus Jack på albumet Deep Purple Tribute i 2003.
  • Ein forkorte versjon av songen er spelt inn på Village Lanterne av Blackmore's Night i 2006, kalla «Mond Tanz / Child in Time".
  • Ein del av songen vart nytta i filmen Der Baader Meinhof Komplex i 2008.
  • Ein del av songen vart nytta i fjernsynsdokumentaren The Secret Life of the Motorway i 2007.[5]
  • Songen vart spelt av Rata Blanca og Tarja i eit show i Buenos Aires i 2009.[6]
  • Songen var tilgjengeleg som nedlastbart innhald for videospelet Rock Band 3.

Kjelder