Christopher Lee

Sir Christopher Frank Carandini Lee (fødd 27. mai 1922 i London, død 7. juni 2015 i London) var ein engelsk skodespelar. Han hadde sentrale roller i m.a. filmatiseringa av Ringdrotten, to Star Wars-filmar og han har portrettert Dracula. Lee vart adla av Prins Charles i 2009.

Christopher Lee

StatsborgarskapStorbritannia
Fødd27. mai 1922
Belgravia
Død

7. juni 2015 (93 år)
Chelsea and Westminster Hospital, London

Yrkeskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, operasongar, skribent, stemmeskodespelar, karakterskodespelar, militær, teaterskodespelar, filmprodusent, orator, fotograf, SOE agent
Språkfransk, engelsk, tysk, italiensk, spansk, russisk, svensk, gresk
Høgd194 centimeter
FarGeoffrey Trollope Lee
MorEstelle Maria Carandini
EktefelleBirgit Kroencke
Nettstadhttp://www.ChristopherLeeWeb.com/index.php
Christopher Lee på Commons

Karriere

Film- og fjernsynskarrieren til Christopher Lee tok til i 1946 og varde heilt til slutten av livet hans. Han portretterte oftare "mørke" roller enn helteskikkelsar. Til dømes spela han vampyren Dracula i fleire filmar, spela rolla som Frankensteins monster, Rochefort i Dei tre musketerane, skurkerolla i James Bond-filmen Mannen med den gylne pistol og Count Dooku i Star Wars episode II og III. Ei av dei siste rollene Lee spela var som den maktlystne trollmannen Sarumann i Peter Jackson sin filmtrilogi av Hobbiten; den same rolla som han hadde spela i Ringdrotten-trilogien. Christopher Lee var også ein dyktig stemmeskodespelar.

I tillegg til skodespelarkarrieren var Christopher Lee musikar og gav ut fleire heavy metal-album.

Kjelder