Danskar

Danskar er folk frå Danmark.[1] I ulike samanhengar kan nemninga snevrast inn meir presist på ulike måtar: som innbyggjarane i Danmark, som danske statsborgarar eller meir breitt som personar som kjenner ei tilhøyrsle til dansk kultur. Ein meir omdiskutert nyare bruk av ordet er å bruka det for å berre visa til personar av dansk etnisk opphav, dvs. om personar med foreldre fødde i Danmark som danske statsborgarar.[2][3]

Syclistar i Nørrebrogade i København på 1940-talet

Størstedelen av danskane bur i Danmark, men der finst òg eit dansk mindretal i Sør-Slesvig nord i Tyskland. I tillegg finst det store grupper folk som har dansk bakgrunn og i ulik grad kjenner seg som danskar fordi forfedrane deira utvandra frå Danmark, særleg i land som USA og Argentina.[4][5][6]

Ordsoge

Namnet «danskar» kjem frå danane, som var ein historisk nordgermansk stamme som budde i det som i dag er den sørlege delen av Sverige (Skåne) og dei danske øyane. Danane blir m.a. nemnde av dei bysantinske historikarane Jordanes og Procopius, som omtaler eit folk kalla dani. Jordanes meiner at «dani» var same folk som sveane, og at dei hadde fordrive det opphavlege folket, herulane. På norrønt blei folket i genitiv fleirtal kalla danir, som kan bety noko i lei av 'fladlandsbuar'. «Danar» er truleg ei avleiing av det indoeuropeiske *dhen-, som betyr 'flate, flatt brett'.[7]

Definisjon

Fotballspelaren Nadia Nadim blei i 2017 kåret til "årets danske" av Berlingske-lesarar.

Det finst fleire måtar å definera kva ein danske er, og tydinga har òg endra seg over tid. I dag kan omgrepet ha ei inkluderande og ei ekskluderande tyding.[8] Ordet «danskar» kan definerast som:

  1. Innbyggjarar i Danmark, dvs. alle med fast lovleg bustad i Danmark. Ved byrjinga av 2020 var det 5 822 763 innbyggjarar i Danmark.[9]
  2. Danske statsborgarar (òg kalla personer med dansk indfødsret). Ved byrjinga av 2020 budde det 5 285 641 danske statsborgarar i Danmark.[9] Der finst ikkje offisiell statistikk over kor mange danske statsborgarar som bur i utlandet. Økonomi- og Indenrigsministeriet har anslått at talet er på omlag 135 000 personar.[10]
  3. Meir uoffisielt kan ein oppfatta ein danske som ein person som har eit kulturelt (ikkje minst språkleg) tilhøyrsleforhold til Danmark og sjølv har ein identitet av å vera danske.[11] I dette samband siterer ein ofte N.F.S. Grundtvig:[11]
«Til et folk de alle høre, som sig regne selv dertil, har for modersmålet øre, har for fædrelandet ild.»

—N.F.S. Grundtvig, Folkeligheden, 1848.

Ein dansksinna sørslevigar, dvs. ein person frå det danske mindretalet i Sydslesvig, vil typisk bli oppfatta som ein danske etter den tredje definisjonen, men ikkje dei to første. Det omvende vil tilsvarande ofte vera tilfellet for ein hjemmetysker, dvs. ein person frå det tyske mindretalet i Sønderjylland.

Personar av dansk opphav

Nemninga «danske» kan òg definerast som å omfatta 'personar med dansk opphav' (òg kalla «personar av dansk herkomst») som definert av Danmarks Statistikk. Denne oppdelinga byggjer på statsborgarskapet og fødestaden til ein person sine foreldre, i staden for dei til personen sjølv. Denne definisjonen er kontroversiell.[2][3] Språkbruken fekk særleg merksemd då Folketinget i februar 2017 med 55 stemmer mot 54 vedtok ei utsegn som sa at «Folketinget konstaterer med bekymring, at der i dag er områder i Danmark, hvor andelen af indvandrere og efterkommere fra ikkevestlige lande er over 50 pct. Det er Folketingets opfattelse, at danskere ikke bør være i mindretal i boligområder i Danmark[3][12]

Bakgrunnen var at Danmarks Statistikk sidan 1991 hadde delt befolkninga i tre opphavsgrupper, nemleg personar av dansk opphav, innvandrarar og etterkomarar av innvandrarar. Ein person med dansk opphav blir definert som «en person - uanset fødested - der har mindst én forælder, der både er dansk statsborger og født i Danmark».[13] Statsborgarskapet og fødestaden til personen sjølv er altså irrelevant for om han blir sett på som av dansk opphav. Oppdelinga blei vedteken som følgje av rapporten betænkning 1214-1991 med tittelen Bedre statistik om flyktninger og indvandrere,[14][15] og blir i dag brukt i ei rekke samanhengar til statistisk bruk av offentlege institusjonar som Danmarks Statistikk og Integrasjonsministeriet.[16] Danmarks Statistikk bruker ikkje sjølv nemninga «danskar» om gruppa med dansk opphav, men bruker normalt ordet «danskar» anten om danske statsborgarar eller om innbyggjarar i Danmark, avhengig av samanhengen.

Språk

Dei fleste danskar snakkar dansk, som er eit nordisk språk frå den indoeuropeiske språkfamilien. Det er nært i slekt med svensk og norsk, som er umiddelbart forståelege språk for ein dansktalande, og litt fjernare i slekt med dei vestnordiske språka islandsk og færøysk.

Personar av dansk avstamming i andre land

I mange land bur det folk som til ulike grader er bevisste om og til ulike høve markerer ei dansk avstamming. Dette kan vera personar i tradisjonelle utvandrarland som Nord- og Sør-Amerika, Australia og New Zealand, der utvandringa ofte fann stad for fleire generasjonar sidan, og personar som inntil nyleg har vore busette i Danmark og kanskje tenker på å venda tilbake til heimlandet etter utstasjonering eller liknande. Tabellen under viser ulike estimat på talet danskar i ei fleire land - tala er ikkje nødvendigvis samanliknbare.

Tal på personar av dansk avstamming
LandTal
 USA1 430 897
 Canada170 780
 Brasil140 000
 Australia100 000
 Tyskland50.000[17]
 Argentina(12 900)* / 50 000[18][19]
 Sverige42 602[20]
 Noreg20 586[21]
 Storbritannia18 493[22]
 Spania8.944[23]
 Frankrike7 000[24]
 Grønland6 500[25]
 New Zealand3 507[26]
 Island2 802[27]
 Færøyane2 800
 Finland1 235[28]
 Irland809[29]

* Estimat over talet på danske utvandrarar fram til 1930

Religion

Størstedelen av dei religiøse danskane både i og utanfor Danmark er evangelisk-luthersk kristne. Det største trussamfunnet i Danmark er Folkekirken, som 74,3 % av den danske befolkninga i 2020 er medlemmer av.[30] Den nest største religionen er islam. Ein rekna med at 4,4 % av befolkninga i 2020 er muslimar.[31] Danmark blir likevel normal ikkje sett på som eit særleg religiøst land. Berre 17 % av danskane sa i ei meiningsmåling frå 2016 at religion spelte ei veldig viktig rolle i tilværet deira.[32] I 2017 rekna 48 % av danskane seg som ikkje-truande.[33]

Kjelder