Dario Fo

Dario Fo (24. mars 192613. oktober 2016)[1] var ein italiensk dramatikar og teaterregissør, scenograf, komponist, satirikar og skodespelar.

Dario Fo

StatsborgarskapItalia
Fødd24. mars 1926
Sangiano
Død

13. oktober 2016 (90 år)
Ospedale Luigi Sacco

Yrkesceneinstruktør, teaterskodespelar, manusforfattar, komponist, skodespelforfattar, filmskodespelar, illustratør, kunstmålar, lyrikar, scenograf, satiriker, skribent, kostymedesignar, skodespelar, biletkunstnar
Politisk partiRifondazione Comunista
Sjangerkomedie
Medlem avCollège de ’Pataphysique, American Academy of Arts and Sciences
Religionbuddhisme
EktefelleFranca Rame
BornJacopo Fo
Signatur
Dario Fo på Commons

Virke

Fo revitaliserte commedia dell'arte-kunsten, og for det løna Svenska Akademien han med Nobelprisen i litteratur for 1997; «han som lik mellomalder-narrane refsar makthavarane og held oppe vørdnaden til dei undertrykte.»[2][3]

Dario Fo fekk gjennombrotet sitt i 1953 med revyen Il dito nell'occhio. I 1958 stifta han saman med kona Franca Rame teaterselskapet Compagnia Fo-Rame. Dei gjekk i 1968 inn i teaterkollektivet Nuova scena som var eit agitasjonsteater knytt til kommunistpartiet. Fo og Rame stifta teaterkollektivet La Comune i 1970.

Skjult teater

Ideen med skjult teater er å framføre scener eller situasjonar i det offentlege rom – til dømes i ein supermarknad, på ein busshaldeplass, i ei gågate – utan at det er annonsert på førehand. Målet er å sprenge dei kunstnarlege rammene for teateret og dra problemstillingane i stykket tilbake til den røyndomen dei kjem frå. På grunn av samfunnsrefsinga som ligg i Fo sine stykke blir dei ofte brukt på denne måten. Han sjølv blei fleire gonger arrestert på scena.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Dario Fo i Noreg