Drama

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Dráma i Hellas.

Eit drama (frå gresk δράμα (drama), ‘handling’) er eit litterært stykke formidla av ein eller fleire skodespelarar gjennom tale, rørsler og ulike effektar. Dei kan bruka monologar eller dialogar til å uttrykka seg.[1] Drama blir gjerne framført på teater, som skodespel, men kan også finna stad utandørs, som film, høyrespel eller anna. Drama høyrer til litteratursjangeren dramatikk.

Framstilling av Hermann Vezin i hovudrolla i stykket Dan'l Druce, Blacksmith og Marion Terry som det forlatne barnet Dorothy. Illustrasjon frå The Illustrated London News frå 18. november 1876.

Omgrepet blir også brukt om skodespelarkunst og -teori, som i utdanningsprogrammet «Musikk, dans og drama», og om valdsame hendingar, som «eit våpendrama».[2]

Nokre døme på drama er skodespela til Henrik Ibsen og filmar av Steven Spielberg.

Sjå òg

Kjelder

Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.