Den magnetiske sørpolen

Den magnetiske Sørpolen er eit vandrande punkt på den sørlege halvkula til jorda der dei geomagnetiske linjene er retta vertikalt oppover. Han må ikkje forvekslast med den mindre kjende geomagnetiske sørpolen.

Plasseringane til Den magnetiske sørpolen frå direkte observasjonar og modelleringar.[1]

Av historiske årsaker vert «enden» av ein magnet som peikar (omtrentleg) nordover kalla «nordpolen» på ein magnet, og den andre enden, som peikar sørover, vert kalla «sørpolen». Fordi motsette polar tiltrekkjer kvarandre er den magnetiske sørpolen fysisk i røynda nordpolen til magneten.

Den magnetiske sørpolen endrar seg konstant i forhold til endringar i magnetfeltet til jorda. I 2005 vart han kalkulert til å ligge ved 64°31′48″S 137°51′36″E / 64.53000°S 137.86000°E / -64.53000; 137.86000[2] like utanfor kysten av Antarktis mellom Adelie Land og Wilkes Land. Punktet ligg utanfor den antarktiske polarsirkelen. På grunn av polardrift flyttar polen seg nordvest med kring 10 til 15 kilometer i året.

Ekspedisjonar

Av tidlege mislukka forsøk på å nå den magnetiske sørpolen finn ein forsøka til den franske oppdagaren Dumont d'Urville (1837–40), amerikanaren Charles Wilkes (ekspedisjonen i 1838–42) og briten James Clark Ross (ekspedisjonen i 1839–43).[3]

Den første utrekninga av den magnetiske sørpolen vart gjort 23. januar 1838 av hydrografen Vincendon-Dumoulin, som var med på Dumont d'Urville-ekspedisjonen i Antarktis på korvetten «L'Astrolabe» og «Zélée» i 1837-1840.

Den 16. januar 1909 hevda tre mann (Douglas Mawson, Edgeworth David og Alistair Mackay) frå Nimrod-ekspedisjonen leia av Ernest Shackleton, å ha funne den magnetiske sørpolen,[4] som på den tida låg på land. Det er noko tvil om staden dei fann var korrekt.[5]

Den tilnærma posisjonen til polen den 16. januar 1909 var 72°15′S 155°09′E / 72.25°S 155.15°E / -72.25; 155.15.[6]

Tilpassing til globale datasett

Den magnetiske sørpolen har òg blitt estimert ved hjelp av tilpassing til globale datasett, som World Magnetic Model (WMM) og International Geomagnetic Reference Model (IGRF).[1] For tidlegare år attende til 1600 vert GUFM1 nytta, basert på innsamling av data frå skipsloggar.[7]

Den geomagnetiske sørpolen

For meir om dette emnet, sjå Geomagnetisk pol.

Det geomagnetiske feltet til jorda kan tilnærmast som ein hellande dipol (som ein stavmagnet) plassert midt i jorda. Den geomagnetiske sørpolen er enden av der aksen kryssar jordoverflata på den sørlege halvkula. I 2005 vart han utrekna til å ligge ved 79°44′S 108°13′E / 79.74°S 108.22°E / -79.74; 108.22,[8] nær Vostok-stasjonen. Fordi feltet ikkje er ein eksakt dipol, ligg ikkje den sørlege geomagnetiske polen på same stad som den sørlege magnetiske polen.

Sjå òg

Kjelder

  • Barton, Charles (2002). «Survey tracks current position of South Magnetic Pole». EOS 83: 291. doi:10.1029/2002EO000210. 

Bakgrunnsstoff

🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen