Den sjette koalisjonskrigen

Den sjette koalisjonskrigen var ein av dei store konfliktane under napoleonskrigane, og førte til avsetjinga av Napoleon og gjeninnføringa av Bourbonmonarkiet i Frankrike. Ein koalisjon av Keisarriket Austerrike, Kongeriket Preussen, Det russiske keisardømet, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Portugal, Spania, Sverige og fleire andre tyske statar sigra endeleg over Det første franske keisardømet. Etter at Napoleon sitt felttog i Russland i 1812 hadde enda med eit katastrofalt nederlag, slutta dei kontinentale stormaktene seg til Frankrike sine fiendar Russland, Storbritannia, Portugal og opprørarane i Spania. Etter å ha omorganisert armeane sine, dreiv dei Napoleon ut av Tyskland i 1813. Året etter blei Frankrike invadert, Napoleon tvinga til å abdisera og send i eksil til Elba. Bourbonmonarkiet blei gjenoppretta i Frankrike gjennom restaurasjonen.

Napoleonskrigane

Folkeslaget ved Leipzig i 1813.
Dato18121814
StadSentral-Europa & Frankrike.
ResultatSiger til koalisjonen; Kielfreden; freden i Fontainebleau; Bourbonmonarkiet gjenoppretta og Napoleon blei forvist til Elba.
Partar
Flagget til Frankrike Det første franske keiserdømme

Flagget til Danmark Danmark-Noreg[6]

Koalisjonen:
Flagget til Russland Russland
Preussen
Habsburg Austerrike
Det britiske flagget Storbritannia
Flagget til Sverige Sverige
Flagget til Spania Spania[7]
Portugals flagg Portugal
Siciliansk flagg Sicilia
Sardinsk flagg Sardinia
Etter slaget ved Leipzig:
Bayern

Sachsen Württemberg

Kommandantar
Flagget til Frankrike Napoléon I
Flagget til Frankrike Michel Ney
Flagget til Frankrike Auguste Frédéric Louis Viesse de Marmont
Flagget til Frankrike Louis-Nicolas Davout
Flagget til Frankrike Nicolas Oudinot
Flagget til Polen Józef Poniatowski †
Eugène de Beauharnais
Joachim Murat
Fredrik August I
Flagget til Russland Michael Andreas Barclay de Tolly
Flagget til Russland Mikhail Kutuzov
Flagget til Russland Peter Wittgenstein
Gebhard von Blücher
Habsburg Karl Philip av Schwarzenberg
Det britiske flagget Herguen av Wellington
Flagget til Sverige Prins Karl Johan
Karl Philipp von Wrede
Styrkar
~650 000[8]~1-1 200 000+[9]
Tap
Over 600 000[10]Over 500 000[11]

To og ein halv million soldatar kjempa i krigen. Om ein tek med tapa under felttoget i Russland, døydde så mange som to millionar, av desse kanskje over éin million berre i Russland. Krigen omfatta store slag som Lützen, Bautzen og Dresden og det berømte og avgjerande folkeslaget ved Leipzig (Nasjonslaget). Dette var det største slaget under napoleonskrigane, og også det største slaget i vestleg historie før første verdskrigen. Felttoget i Tyskland har på tysk blitt kjent som Befreiungskriege, 'Frigjeringskrigen'.

Den siste fasen av krigen var felttoget i Frankrike, der Napoleon på nytt viste sin militære dugleik då han slo tilbake mykje sterkare hærar i seksdagarsfelttoget i februar, som mange har rekna for å vera den mest briljante delen av heile hans militære karriere. Napoleon sine tidlegare nederlag i Russland og Tyskland kom rett nok til å vise seg som byrjinga på slutten av karrieren hans, og etter at koalisjonstyrkene okkuperte Paris blei keisaren tvinga til å abdisera.

Krigen blei avslutta gjennom Paris-traktaten av 1814 og Wienerkongressen.

Fotnotar