Det nederlandske koloniriket

Det nederlandske imperiet eller det nederlandske koloniriket (nederlandsk Het Nederlandse Koloniale Rijk) er koloniriket til Nederland. Kolonihistoria byrja på 1600-talet, då Det nederlandske austindiakompaniet (VOC) byrja sjå etter nederlandske handelsinteresser i Indiahavet.[1]

Nederlandske koloniar før andre verdskrigen.

Ulike koloniar

Surinam

Surinam, som tidlegare heitte Nederlandsk Guyana, blei nederlandsk koloni i 1667 og sjølvstendig i 1975. Kort tid etter sjølvstendet flytta ein tredel av innbyggjarane i Surinam til Nederland.[2] Det einaste offisielle språket i staten er framleis nederlandsk.[3]

Indonesia

Nederlendarar byrja kolonisera Indonesia på 1600-talet, og namnet på kolonien var lenge Nederlandsk Austindia. Under den japanske okkupasjonen i 1942 erklærte Indonesia sjølvstende.[4] Etter andre verdskrigen lykkast Nederland ikkje i å få øyane tilbake under kontroll, og i 1949 anerkjende dei indonesisk sjølvstende.[5]

I dag

Nederlandsk kolonihistorie er stadig tydeleg i Sør-Afrika, der afrikaans blir snakka av fleire innbyggjarar. Ifølgje forskarar blei språket utvikla som eit kontaktspråk mellom nederlandsktalande innvandrar frå Europa og kreolisert nederlandsk som blei brukt av det lokale sanfolket.[6]

Den moderne Kongeriket Nederlanda består av Nederland, Aruba, Curaçao og Sint Maarten. Øyane Bonaire, Sint Eustatius og Saba fungerer som kommunar i Nederland og ikkje som separate land innan kongeriket.[7]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Det nederlandske koloniriket