Discogs

Discogs (forkorting for discographies, ’diskografiar’) er ein nettstad og ein database med informasjon om musikkinnspelingar.[1] Det har hovudkontor i Portland i Oregon i USA.[2] Discogs blei oppretta i oktober 2000 av Kevin Lewandowski som ein database over hans private platesamling.[3][4]

Discogs og serverane hans tilhøyrer Zink Media, Inc.[5]

Databasen omfattar kommersielle plater, promoplater, somme bootleginnspelingar og digitale filer.[6]

Opphavleg var berre utgjevingar i sjangeren elektronisk musikk tekne med, men databasen opna seinare for alle typar musikk.[7] I januar 2018 omfatta databasen 17 000 000 utgjevingar.[8] Nettstaden har kring 7 millionar brukarar kvar månad.[9]

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff