Dolores O’Riordan

irsk songar og musikar

Dolores Mary Eileen O’Riordan (fødd 6. september 1971 i Ballybricken i Irland, død 15. januar 2018 i London i Storbritannia)[1][2][3] var ein irsk musikar. Ho var frontfigur i The Cranberries og hadde i tillegg ein solokarriere frå 2003.[4]

Dolores O’Riordan

Fødd6. september 1971
FødestadBallybricken North
Død15. januar 2018 (46 år)
DødsstadMayfair
FødenamnDolores Mary Eileen O'Riordan
OpphavIrland
Aktiv1989–2018
Sjangeralternativ rock, poprock, keltisk rock, folkrock, jangle pop, dream pop, indierock, post-grunge
Instrumenttangentinstrument, vokal, gitar, Blikkfløyte, fløyte, mandolin
Stemmetypemezzosopran
PlateselskapInterscope Records, Sanctuary Records, Cooking Vinyl, Rounder Records
Verka sommusikar, songar-låtskrivar, gitarist, songar
Gift medDon Burton

Liv og virke

Bakgrunn

Dolores O’Riordan vaks opp som ei av seks sysken på fødestaden sin Ballybricken, og der var ho med i kyrkjekoret til den lokale kyrkjelyden.[5] Seinare flytta ho til den nærliggande byen Limerick.[6]

O’Riordan vart oppdregen katolsk. Mora hennar valde namnet hennar til minne om Jomfru Marias sorger.[7]

Musikkarriere

I 1990 vart O’Riordan vokalist i bandet The Cranberries og den viktigaste tekstforfattaren til gruppa. I 1994 gifta ho seg med Don Burton, som tidlegare hadde vore tourmanager for Duran Duran.[1] Dei største hitlåtane til O’Riordan og The Cranberries var «Linger» (1994) og «Zombie» (1995). Bandet vart verdskjent med «Zombie», som hadde ein bodskap var retta mot den blodige konflikten i Nord-Irland.

I 2003 byrja O’Riordan ein solokarriere. I 2001, 2002 og 2005 opptredde ho på julekonsertar i Vatikanet og i 2006 på ein julekonsert i Monte Carlo. Hennar fyrste soloalbum Are You Listening? vart gjeve ut i 2007. Det selde i 300 000 eksemplar verda over. I 2004 song ho tittelmelodien «Ave Maria» til filmen The Passion of the Christ. I 2008 var ho ein av ti prisvinnarar av European Border Breakers Awards (EBBA), som i høve Midem i Cannes vart tildelt for henner innsats.

Frå 2009 arbeidde O’Riordan igjen saman med The Cranberries. Ho samarbeidde også tidvis med andre kunstnarar, som for eksempel Zucchero, Luciano Pavarotti og Jam & Spoon.

O’Riordan uttala seg blant anna om trua si og nemnde blant anna at ho fleire gongar var vorten invitert til Vatikanet for å syngje der og at ho i 2001 og 2002, saman med mor si, møtte pave Johannes Paul II, som ho beundra.[8][9]

I 2011 døydde faren til O’Riordan.[1] I september 2014 skilde ho og Burton seg. Dei hadde tre barn saman. I november 2014 vart ho kortvarig arrestert på Shannon lufthamn på grunn av eit aggressivt opptrinn under ei flyreise. I desember 2015 erklærte ho seg skuldig i retten i Ennis. Advokaten til O’Riordan erklærte at ho hadde hatt alvorlege psykiske problem.[10]

I mai 2017 fortalte O’Riordan opent at ho hadde eo bipolar liding som var vorten fastslegen to år tidlegare.

Frå 2015 arbeidde O’Riordan med Andy Rourke og Olé Koretsky under namnet D.A.R.K.[11] I 2017 vart det siste albumet til The Cranberries, med O’Riordan som vokalist, gjeve ut.

O’Riordan døydde uventa den 15. januar 2018, i ein alder av 46 år, i London, der ho heldt på med studioinnspelingar.[12] Scotland Yard erklærte at det ikkje låg mistenkelege omstende bak det plutselege dødsfallet,[13] og det vart seinare klårt at ho døydde av drukning i badekaret som følgje av alkoholforgifting.[14]

Diskografi

Sjå The Cranberries for utgjevingar med bandet.

Tala er sist oppdaterte før O'Riordan døydde. Sidan har både salet av soloutgjevingar og innspelingar med bandet tatt seg betydeleg opp.[15]

Soloalbum

TittelAlbum-detaljerHøgaste
listeplassering

[16]

[17]

[17]

[17]

[18]

[17]

[19]

[20]
Are You Listening?
  • Gjeve ut: 4. mai 2007
  • Merke: Sanctuary
  • Format: CD, digital nedlasting
153811392102877
No Baggage
  • Gjeve ut: 21. august 2009
  • Mekre: Cooking Vinyl, Rounder
  • Format: CD, digital nedlasting
80753077625
"—" ikkje oppnådd listeplassering i området.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Dolores O’Riordan