Eidfjord gamle kyrkje

For den noverande soknkyrkja, sjå Eidfjord kyrkje.

Eidfjord gamle kyrkje. tidlegare kalla Vik kyrkje, er ei steinkyrkje frå mellomalderen i Eidfjord kommune i Vestland. Kyrkja skal vere frå 1300-talet. Takryttaren og våpenhuset er påbygd seinare. Kyrkja ligg i Eidfjord sentrum (Nedre Eidfjord) og var hovudkyrkje i Eidfjord sokn til den nye Eidfjordskyrkja, Eidfjord kyrkje, vart innvigd 31. mai 1981. Ved avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg kyrkja i Ullensvang prestegjeld.

Eidfjord gamle kyrkje
kyrkje
Land Noreg
FylkeVestland
KommuneEidfjord
KyrkjesamfunnDen norske kyrkja
BispedømeBjørgvin
ProstiHardanger og Voss
SoknEidfjord
FellesrådEidfjord
TypeLangkyrkje
PeriodeGotisk
MaterialStein
SitjeplassarOm lag 100
Kart
Eidfjord gamle kyrkje
60°27′41″N 7°04′14″E / 60.46138889°N 7.07055556°E / 60.46138889; 7.07055556
Wikimedia Commons: Eidfjord gamle kyrkje

Innvendig står kyrkja mykje som ho var på 1700-talet, og ho gjev difor i dag eit uvanleg godt inntrykk av korleis det kunne opplevast å vere i ei lita landsens mellomalderkyrkje i Noreg for 200–300 år sidan.

Interiørbilete frå 1912. Lite er endra i kyrkja sidan biletet vart teke, og ho hadde då stått utan større endringar innvendig sidan 1700-talet. Korskiljet vart mykje endra på 1600-/1700-talet. Tidlegare gjekk det høgare. Delar av korskiljet kan vere eldre enn kyrkja.
Eidfjord gamle kyrkje fotografert i 1927.

Rike-Ragna

Inni kyrkja står ein gravstein ved veggen i koret. På gravsteinen står mellom anna «Her kviler Ragna Åsolvsdotter er dessa kirkju let gjera». I steinen er det òg innhogd eit bilete av ei knelande kvinne som rekkjer fram ein kyrkjemodell til ein person i sid kjortel. Den kjortelkledde mannen ber attributtane til apostelen Jakob den eldre, han er pilegrimskledd og har ein pilegrimstav i høgre handa og ein bibel i venstre. Ifylgje ei segn, som fyrste gongen vart nedteikna i 1822[1], var det ei kvinne kalla Rike-Ragna som fekk sett opp kyrkja. Ho fekk kyrkja bygd for å sone syndene sine. Den verste av illgjerningane hennar var at ho på ein tur til byen skal ha sett att mann sin på eit skjer, noko som enda med at han drukna då det flødde.

Likskap med Hvalseykyrkja på Grønland

Kyrkjeruinane på Hvalsey

Kyrkjeruinane på Hvalsey i det tidlegare norrøne AusterbygdGrønland har så like mål med gamlekyrkja i Eidfjord at det kan reise spørsmål om det er dei same folka som har sett opp begge desse kyrkjene, eller om det er brukt same teikninga.[2]

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff