Etruskarar

Etruskarane var eit folk som levde i det antikke Italia og Korsika frå 700-talet f.Kr. Dei budde i Etruria i noverande Toscana og nordlege Latium, og snakka etruskisk. Roma var truleg prega av etruskarar i byrjinga, og etruskisk kultur har derfor hatt stor påverknad på Romarriket og ettertida.

Det vestlege Middelhavet år 509 f.Kr., prega av tre stormakter: Etruskarane, grekarane og karthagane, forutan ein komande makt i byen Roma.

Det var romarane som kalla etruskarane Etrusci eller Tusci. Det attisk greske ordet for dei var Tyrrhēnioi (Τυρρήνιοι), noko som gav latinsk Tyrrhēni for etruskarane og Tyrrhēnum mare for havområdet no kjend som Det tyrrenske havet. Sjølv kalla folket seg rasenna, ifølge Dionysios frå Halikarnassos, I.30.3.

Etruskarane hadde si største utbreiing i førstetida til Roma og under det romerske kongedømet. Dei hadde tre byforbund: Av Etruria, av Podalen med dei austlege Alpane, og av Latium og Campania. Medan Roma låg i etruskisk område og opphavleg hadde mykje etruskisk kultur, blei etruskarane gradvis tekne opp i det italiske Roma i løpet av Den romerske republikken.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Litteratur

Nettstader

[[kategori:artiklar på {{{1}}}]]

Generelle
Genetikk
Byar og funnstader
Kunst