Fiolin

strykeinstrument

Fiolin eller fele er eit strykeinstrument med fire strengar som vanlegvis vert stemde i g (lågast), d', a' og e" (høgast). Fiolinen vert kalla sopranen blant strykeinstrumenta fordi han er det minste og lysaste av dei utbreidde typane. Han er eit fleksibelt instrument som kan brukast til mange musikkstilar.

Fiolin

Klassifiseringstrykeinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering321.322-71
Ein fiolin frå ulike vinklar.
Ein fiolin i fiolinkassen sin.

Feler dukka opp på 900-talet.[1][2]

Spelemåte

Ein fiolinist held som regel fiolinen vassrett utover frå halsgropa. Han held fiolinhalsen med den venstre handa, som han òg bruker til å pressa strengane ned med for å få ulike tonar, og kan skjelva med henne for å få tonane til å vibrera (vibrato). Den høgre handa brukar han til å halda bogen eller til å plukka strengane med (pizzicato). I andre tradisjonar enn den vestlege klassiske kan ein halda fiolinen litt annleis.

Bruk

Fiolinen kan brukast som soloinstrument, i grupper eller i større orkester. Instrumentet vert brukt innan fleire sjangrar. Det er særs viktig innan vestleg klassisk musikk, jazz, folkemusikk og karnatisk musikk, men ein høyrer òg fiolinar i filmmusikk, pop og rock.

Fiolinfamilien med sine medlemmer fiolin, bratsj og cello vart utvikla frå instrument som vihuela og lira da braccio i Italia på første halvdel av 1500-talet — truleg kring 1520. I løpet av dei neste to hundre åra vart fiolinfamilien vidareutvikla og perfeksjonert av kjende fiolinmakarar som Amati-familien og Antonio Stradivari.

Virtuose fiolinistar gjorde òg sitt til å utvikla spelestilen. Fiolinen vart først halden mot brystet, men aukande vekt på posisjonsspel gjorde at den ein fann ut at å halda han under haka gav meir fridom. Teknikkar som vibrato (skjelving), pizzicato (plukking) og å flytta handa i ulike posisjonar over strengene (sjå posisjonsspel) vart utvikla av folk som Arcangelo Corelli, Antonio Vivaldi, Giuseppe Tartini og den legendariske Niccolò Paganini.

Folkemusikk

Fele har vore kjend som folkemusikkinstrument i Noreg sidan 1600-talet.[3]

I Noreg finst ei eiga utgåve av fiolinen. Den heiter hardingfele, og har fire spelestrenger og vanlegvis fire til fem resonansstrenger.

Opphavet til hardingfela er sannsynligvis ei samansmelting av eldre norske strengeinstrument (til dømes fiðla).[3]

Fiðla avbilda i 2009.

Produksjon av instrument

Å produsere ein fiolin kan ta ein person omlag to veker, skreiv nettstaden Azure Violins; lakkering og mørkleggjing (tanning) tek nokre månader lengre.[4]

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Fiolin