George Ogden Abell

amerikansk astronom

George Ogden Abell (1. mars 19277. oktober 1983) var ein amerikansk astronom som studerte galaksar og galaksehopar. Han er best kjend for katalogen over 2712 rike galaksehopar (1958), som for det meste stamma frå observasjonar har gjorde ved Palomar-observatoriet i samband med undersøkinga Palomar Sky Survey.

George Ogden Abell
StatsborgarskapUSA
Fødd1. mars 1927
Los Angeles
Død

7. oktober 1983 (56 år)
Encino, Los Angeles

Yrkeastronom, professor
Språkengelsk

Abell-hopane, somme av dei tre milliardar lysår frå jorda, er viktige i astronomien av di dei definerer storskala strukturane i universet. Abell var i stand til å kalkulera storleiken og massen til mange av desse hopane, og fann at minst 90 % av massen i dei måtte stamma frå usynleg materie for at galaksehopane skulle kunna halda seg samla.

Kjelder

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Abell, George Ogden» s. 1 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.