Guangxi

Guangxi er ein autonom region i Folkerepublikken Kina. Før 1949 var han ein provins.

Guangxi
autonom region
Offisielt namn: (广西壮族自治区, 廣西壯族自治區, Guǎngxī Zhuàngzú Zìzhìqū, Den autonome regionen Guangxi Zhuang

广西, 廣 西 pinyin Guǎngxī

Land Kina
Areal235 001 km²
Folketal 50 126 804 (2020)[1]
Kart
Guangxi
23°36′N 108°18′E / 23.6°N 108.3°E / 23.6; 108.3
Plasseringa av Guangxi i Kina
Plasseringa av Guangxi i Kina
Plasseringa av Guangxi i Kina
Wikimedia Commons: Guangxi

Regionen grensar mot Yunnan i vest, Guizhou i nord, Hunan i nordaust og Guangdong i aust og søraust. Han har også ei riksgrense mot Vietnam i sørvest (Hà Giang, Cao Bằng, Lạng Sơn og Quảng Ninh-provinsen) og kyst mot Tonkinbukta i Sørkinahavet i sør.

Namn

Namnet Guangxi (kinesisk skrift 广西, 廣 西 pinyin Guǎngxī, også transkribert Kuang-hsi eller Kwangsi) er avleidd frå Guǎng (forenkla kinesisk 广, tradisjonell kinesisk ) som tyder 'veldig område', og er blitt brukt om regionen sidan skipinga av Guang-prefekturet i år 226.[2] Guangxi og naboprovinsen Guangdong har dei bokstavelege tydingane 'veldig område vest' og 'veldig område aust'.

Geografi

Regionen har kystlinje langs Tonkinbukta. Dei viktigaste hamnebyane er mellom anna Fangchenggang, Qinzhou og Beihai.

Historie

I det meste av historia si hadde Guangxi inga kystlinje. I 1952 vart ein liten del av den vestlegaste kystlinja til Guangdong gjeven til Guangxi, som slik fekk tilgjenge til havet. Dette vart gjort om i 1955, men så justert tilbake på nytt i 1965.

Folkesetnad

Guangxi er heim til menneske frå 12 av dei nasjonalgruppene som er anerkjende av Folkerepublikken Kina som eigne folkegrupper. Regionen er eit særleg viktig område for zhuangfolket. Forutan dei har regionen folkegruppene han, yao, miao, dong, mulam, maonan, hui, gin, yifolk, sui og gelao. Det er og vesentleg mindre grupper frå 25 andre folkegrupper.

Administrative einingar

Karstfjell ved elva Li.

Guangxi er inndelt i 14 byprefekturer:

  • Hezhou (贺州市),
  • Laibin (来宾市),
  • Liuzhou (柳州市),
  • Nanning (南宁市),
  • Qinzhou (钦州市),
  • Wuzhou (梧州市),
  • Yulin (玉林市).

Kjelder

Fotnotar