Huangfjella

Denne artikkelen handlar om fjellkjeda. For byen, sjå Huangshan.

Huangfjella (forenkla kinesisk 黄山 Huangshan,[2], 'Dei gule fjella') er ei fjellkjede sør i Anhuiprovinsen aust i Kina.

Huangfjella
Huangshan, 黄山
fjell
Land Kina
FylkeAnhui
Del avAnhui
Høgd1 864[1] m
Areal16 060 km²
Verdsarvstad
År1990 (#14)
Nummer547bis
RegionAsia-Stillehavet
Kriterium(ii), (vii), (x), (ii), (vii), (x)
Kart
Huangfjella
30°07′30″N 118°10′00″E / 30.125°N 118.166667°E / 30.125; 118.166667
Wikimedia Commons: Huangshan

Området er vidkjend for landskapet sitt med soloppgangar og solnedgangar, granitt-toppar med underlege former, Huangshan-furu, varme kjelder, vintersnø og ustyn ovanfrå over skydekke. Huangfjella er eit utbreidd motiv i tradisjonell kinesisk kunst og litteratur, så vel som i moderne fotografi. Det er ein verdsarvstad og eit viktig kinesisk turistmål.

Skildring

Huangfjella har ei rekkje toppar, nokre av dei over 1 000 moh.[3] Dei tre høgaste og best kjende fjelltoppane er 'Lotustoppen' (Lianhua Feng, 1,864 m), 'Den lysande toppen' (Guangming Ding, 1,840 m) og 'Himmeltoppen' (Tiandu Feng, 1,829 m).[2][4] Verdsarvområdet dekkjer eit kjerneområde på 154 km² og ei buffersone på 142 km².[5] Fjellkjeda blei danna i mesozoikum, for rundt 100 millionar år sidan, då eit tidlegare hav forsvann gjennom jordstiging.[6] Seinare, i kvartærtida, blei landskapet forma av isbrear.[6]

Den kjende 'velkomstfurua' (迎客松)

Plantelivet i området varierer med høgda over havet. Fuktige skogområde dekkjer landskapet under 1000 meter. Mellom 1100 moh. til tregrensa på 1800 moh. finn ein lauvfellande lauvskog. Over tregrensa finn ein alpine sletter. Vegetasjonen har eit stort biologisk mangfald, med ein tredjedel av mosefamiliane og halvparten av bregnefamiliane ein kjenner i Kina funne her. Huangshanfuru (Pinus hwangshanensis) har namn etter Huangfjella, og er rekna som eit symbol på livskraft ettersom furutrea kan veksa like ut av berget.[6] Mange av furutrea i området er over hundre år gamle og er blitt gjevne eigne namn (som Ying Ke-furua, eller 'Velkomstfurua', som ein trur er over 1500 år gammal).[4] Furuene har mange ulike former og storleikar, og dei mest forvridde trea blir rekna som dei mest attraktive.[7]

Det fuktige klimaet i Huangfjella er også gunstig for tedyrking,[8] og fjella er blitt kalla eit av dei beste fjellområda for produksjon av grøn te.[9] Mao feng cha ('Pelstoppte') er ein velkjend lokal variant av grøn te,[10] og har namn etter dei dunete tippane av teblada til plantane som veks i Huangfjella.[11]

Skyhav sett frå toppen av Huangfjella

Frå fjelltoppane kan ein ofte sjå eit skydekke under seg, kjend som 'Skyhavet' (forenkla kinesisk 云海, pinyin yúnhǎi)[8] eller 'Huangshanhavet'[7] ettersom skyene kan minna om eit hav. Mange av utsyna er kjende under namn som 'Nordsjøen' eller 'Sørsjøen'[7] Ein forfattar skreiv om utsynet over skyene frå Huangfjella at:

«For å nyta storleiken til eit fjell må ein som regel sjå oppover. For å nyta Huangshan, må ein sjå nedover.[7]»

Området er også kjend for lyseffektar. Å sjå ein soloppgang her er ein viktig del av ein tur til området.[12] Eit fenomen kjend som 'buddhalys' (forenkla kinesisk 佛光, pinyin fóguāng)[13] er også velkjend. Det førekjem eit par gonger kvar månad.[14] Huangfjella har også fleire varme kjelder, dei fleste ved foten av 'Lillaskytoppen'. Vatnet i dei er rundt 42 °C året rundt,[15] Dei varme kjeldene har ein høg konsentrasjon av karbonat. Det blir sagt at dei kan hjelpa mot hud-, ledd- og nerveplager.[6]

Historie

Bratt fjellskrent i Huangfjella

Huangfjella blei til for rundt 100 millionar år sidan, og fekk sine særeigne steinformasjonar i kvartæristida.[6]

Under Qin-dynastiet var fjella kjende som Yishan (Yi-fjella). I år 747 blei namnet endra til Huangshan (Huang- eller 'Dei gule fjella') gjennom eit keisaredikt.[16] Ein reknar som regle med at namnet blei gjeve til ære for Huang Di eller Den gule keisaren, ein sogeomspunnen kinesisk herskar og den mytologiske stamfaren til hanfolka.[17] Ei soge fortel at det var frå Huangfjella at Den gule keisaren drog opp til himmelen.[4] Den første bruke av namnet «Huangshan» blir ofte tillagd diktaren Li Bai.[17] Medan Huangfjella hadde vore relativt vanskeleg tilgjengelege og lite kjende tidlegare, verker det som om området fekk meir merksemd frå tida rundt namneskiftet. Frå denne tida kom fleire vitjande til området og det blei bygd mange tempel her.[16]

I Huangfjella finst ei rekkje steintrapper[4] som er skorne inn i fjellsidene. I heile området finst det over 60 000 slike trappetrinn.[12][18][19] Det er ikkje kjend kva tid ein byrja laga desse trappene, men dei skal vera over 1 500 år gamle.[18]

I 1982 blei Huangshan erklært eit område av scenisk og historiske interesse av Statsrådet i Kina.[16] Det blei utropt til verdsarv av UNESCO i 1990 for landskapet sitt og rolla si som habitat for sjeldne og truga artar.[20]

Kulturell inspirasjon

Tusjmåleri av Huangfjella utført av Shitao i 1670

Mykje av omdømet til Huangfjella stammar frå tydinga dei har hatt i kinesisk kunst og litteratur.[21] I tillegg til å inspirera diktarar som Li Bai[5][12] har Huangfjella og landskapet der ofte vore motiv i dikt og kunstverk, særleg tusjmåleri[16] og meir nyleg i fotografi.[2] Frå Tang-dynastiet til enden av Qing-dynastiet blei det skrive over 20 000 dikt om fjella, og ein kunstnarskule fekk namn etter dei.[4][7]

Ein finn også fjella i moderne kunst. James Cameron, regissøren av filmen Avatar frå 2009, nemnde Huangfjella som inspirasjon for utforminga av den utanomjordiske verda han skildra i filmen.[22] Den kinesiske animasjonsseriene Stitch & Ai, ei avleiing av Disney-serien Lilo & Stitch, går føre seg i Huangfjella.

Vitskap

Det rike mangfaldet i dyre- og plantelivet her har gjort området interessant for forskarar. Tidleg på 1900-talet utførte kinesiske og utanlandske forskarar fleire studiar av geologien og floraen her.[16] Seint på 1900-talet utførte ei gruppe forskarar feltarbeid for å studera tibetmakak, ein lokal apeart.[23]

Turisme

Muangfjella er eit viktig turistmål i Kina.[2][12] Minst 140 av rundt 400 kjende sceniske attraksjonar er tilrettelagde for turistar.[20] Byen Huangshan endra namn frå Tunxi i 1987 for å auka turisme hit.[24] I 2007 hadde området over 1,5 millionar turistar.[25] Foten av fjella har jernbane- og flysamband til storbyen Shanghai,[2] og ein kan også nå han frå andre byar som Hangzhou og Wuhu.[26]

I 1990 fanst det over 50 km med gangstiar som gav vitjande åtgang til sceniske område og lokale arbeidarar til fasilitetane.[16] I dag finst det også taubanar som fører turistar rett frå foten av fjella til ein av toppane.[2] I heile området finst det hotell og herberge der vitjande kan overnatta.[2][16] Det er vanleg å gå opp på fjella ein dag, overnatta der for å sjå den vidgjetne soloppgangen, og så gå ned via ei anna rute.[12]

Området er klassifisert som eit AAAAA scenisk område av det nasjonale turismestyret i Kina.[27]

Hotell, restaurantar og andre fasilitetar på fjelltoppane får tilførsle av varer av berarar til fots som heng børene sine på lange stavar balansert over skuldrene eller ryggane sine.[28]

Klima

Huangshan har eit fuktig kontinentalklima (Köppen-klassifisering Dfb). Høgda til området gjer det kaldare og fuktigare enn resten av Anhui.

Galleri

Kjelder

Bibliografi

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Huangshan
Reiseguide for Huangshan frå Wikivoyage