Iași

Iași (/jaʃʲ/) er ein by og ein kommune nordaust i Romania. Han var hovudstad i Moldavia frå 1500-talet til 1861 og i Kongedømet Romania mellom 1916 og 1918 under den første verdskrigen.

Iași
Horisonten til Iași
Horisonten til Iași
Byvåpenet til Iași
Byvåpenet til Iași


Plassering
Iași is located in Romania
Styresmakter
LandRomania Romania
FylkeIași
Grunnlagd1408
BorgarmeisterGheorghe Nichita
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

93,9 km²
787.8 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2021)
   - folketettleik
 - Storbyområde

271 692
  2 893,4 /km²
452 742
Koordinatar47°09′44″N 27°35′20″E / 47.16222°N 27.58889°E / 47.16222; 27.58889
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer700xxx
Retningsnummer (tlf)+40 x32
BilnummerIS
Nettstad: www.primaria-iasi.ro

Han er den nest største byen i Romania og eit økonomisk, kulturelt og akademisk senter i regionen Moldavia. Byen har det eldste universitetet i landet og årleg held over 60 000 studentar til på fem offentlege og tre private universitet i byen. Her er meir enn 50 kyrkjer og fem kultursenter. Kulturlivet krinsar om Nasjonalteateret (det eldste i Romania), Operahuset, Det nasjonale filharmoniske orkesteret, Tătărași Atenuem, ein botanisk hage (den eldste og største i Romania), Det sentrale universitetsbiblioteket (det eldste i Romania), mange museum og minnehus, eit sjølvstendig teater og fleire studentorganisasjonar.

Historie

Golia kloster

Rundt 1564 flytta fyrst Alexandru Lăpuşneanu den moldaviske hovudstaden frå Suceava til Iași. Mellom 1561 og 1563 vart det grunnlagd ein skule og ei luthersk kyrkje av den greske fyrsten Ioan Iacob Heraclid her. I 1640 grunnla Vasile Lupu den første skulen på morsmålet, og denne erstatta den greske skulen. Han sette òg opp ei boktrykkjarpresse i den austromerske Trei Ierarhi-kyrkja, som vart bygd i 1635–1639. I 1643 vart den første boka som nokon gong vart trykt i Moldavia gjeven ut i Iași.

Byen vart brend til grunnen av tatarar i 1513, av omanarar i 1538 og av russiske troppar i 1686. I 1734 vart byen råka av pest.

Med Iașitraktaten enda den sjette russisk-tyrkiske krigen i 1792. Eit gresk opprør og ein okkupasjon under Alexander Ypsilanti og Filiki Eteria (1821 i byrjinga av den greske sjølvstendekrigen) førte til at tyrkarane storma byen i 1822. I 1844 vart det ein alvorleg bybrann.

Mellom 1565 og 1859 var byen hovudstad i Moldavia, og mellom 1859 og 1862 var både Iași og București de facto hovudstadar i Dei donauske fyrstedøma. I 1862, då unionen mellom dei to fyrstedøma vart anerkjend under namnet Romania vart hovudstaden București aleine. For at regjeringa skulle flytte til București bestemte den grunnlovgjevande forsamlinga at det skulle betalast 148 150 lei i ti årlege avdrag til byen, men dette vart aldri gjort.

Dei primitive trehusa i Iași vart stort sett rivne ned etter 1860 og erstatta av hus i murstein og stein. Det vart lagt betre gater der det tidlegare hadde vore smale og usanitære vegar.

Under den første verdskrigen vart Iași hovudstad i det sterkt reduserte Romania i ein periode på to år etter at Sentralmaktene okkuperte București 6. desember 1916. Hovudstaden vart flytta tilbake til București etter at Det tyske riket og deira allierte tapte krigen i november 1918.

I mai 1944 var Iași åstad for intense kampar mellom rumensk-tyske styrkar og den raude arméen, og delar av byen vart heilt lagde i grus. Dei tyske elitestyrkane i Grossdeutschland divisjon vann ein avgjerande siger i slaget ved Târgul Frumos, nær Iași. Slaget vart studert fleire gonger av NATO under den kalde krigen. I juli hadde sovjetiske styrkar likevel teke over Iași.

Busetnader

Kommunen Iași innanfor Iași fylke

Iași er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:

BusetnadFolketal 2011[2]Folketal 2021[1]
Iași290 422271 692

Storbyområde

Storbyområdet omfattar Iași og 26 mindre kommunar med eit samla folketal i 2021 på 452 742.[3][4]

KommuneFolketal 2021[1]
Iașimunicipiu271 692
Aroneanucomună4 338
Bârnovacomună7 913
Ciureacomună17 254
Comarnacomună4 221
Costulenicomună4 080
Dobrovățcomună2 128
Golăieșticomună3 563
Grajduricomună3 687
Holbocacomună13 697
Lețcanicomună6 845
Miroslavacomună28 534
Mogoșeșticomună4 706
Movilenicomună2 895
Popricanicomună7 236
Prisăcanicomună3 638
Rediucomună8 295
Româneșticomună1 524
Scânteiacomună5 505
Schitu Ducacomună3 619
Țigănașicomună4 114
Tomeșticomună12 169
Țuțoracomună2 063
Unghenicomună3 582
Valea Lupuluicomună14 510
Victoriacomună3 819
Voineșticomună7 105
Total452 742

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff