Moldavia

Denne artikkelen handlar om fyrstedømet. For den moderne staten, sjå Moldova.

Moldavia (offisielt Moldova) er ein historisk region og eit tidlegare fyrstedøme i Aust-Europa, som ligg mellom Aust-Karpatane og elva Dnestr. Han var i starten ein sjølvstendig og seinare autonom stat som eksisterte frå 1300-talet til 1859, då han vart slått saman med Valakia, og danna grunnlaget for den moderne staten Romania. Staten inkluderte i periodar områda Bessarabia (med Budjak) og heile Bukovina. Den vestlege delen av Moldavia er i dag ein del av Romania, medan den austlege delen høyrer til den sjølvstendige staten Moldova, og den nordlege og søraustlege delen av regionen høyrer til Ukraina.

Moldova (Ţara Moldovei)
Fyrstedømet Moldavia
1346–1862
Plasseringa til Moldavia
Plasseringa til Moldavia
Moldavia og områda deira under Stefan den store, om lag 1500
HovudstadBaia, Siret, Suceava, Iaşi
SpråkKyrkjeslavisk (offisielt)
StyreformFyrstedøme
Fyrstar av Moldavia (voivodar, hospodarar)
 - 1346-1353Dragoş - den første
 - 1859-1862Alexandru Ioan Cuza - den siste
Historie
 - Grunnlegginga av den moldoviske grensemarken1346
 - De Jure union med Dei donauske fyrstedøma1862

Kjelder

Denne geografiartikkelen som har med Romania og Moldova å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.