Ibaraki prefektur
Ibaraki prefektur (japansk 茨城県, Ibaraki-ken) er eit prefektur i Japan som ligg på øya Honshu, i Kanto-regionen. Residenshovudstaden er Mito. Andre byar er Chikusei, Takahagi og Ibaraki.
Prefekturet dekker 6 096 km2[1] og har 2 960 000 innbyggjarar (2009).[2]
Ibaraki er kjend som opphavsstaden til kampsporten aikido, som blei grunnlagd av Ueshiba Morihei. Ueshiba levde siste delen av livet sitt i Iwama der han grunnla ein dojo og eit tempel. I Mito finst ein berømd hage, Kairakuen, med over 3 000 japanske plommetre. I Mito, Kasama og Yuki finst òg slottsruinar.
Ibaraki er elles kjend for natto (gjæra soyabønner) frå Mito, vassmelon frå Kyowa og kastanjar frå Nishiibaraki-regionen.