Jalal Talabani

Jalal Talabani (12. november 19333. oktober 2017) var ein kurdisk irakar med lang fartstid innan politikken, og leiar for Kurdistans patriotiske union (PUK). Han var irakisk president frå 2005 til 2014.

Jalal Talabani

Fødd12. november 1933
Kelkan
Død3. oktober 2017 (83 år)
Statsborgar avIrak
Yrkepolitikar, jurist, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Bagdad
EktefelleHero Ibrahim Ahmed
BarnBafel Talabani
Alle verv
  • Iraks statsminister (2003–2003)
  • Iraks president (2005–2014) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

Talabani, som gjerne blei kalla Mam (onkel) Jalal, var utdanna advokat ved universitetet i Bagdad.[1] Han byrja den politiske karrieren sin som student, då han grunnla den kurdiske studentunionen, ei ungdomsfylking til det kurdiske demokratiske partiet (KDP).[1]

Han steig raskt i gradene i morpartiet, men usemje med partileiaren Mustafa Barzani førte til at han blei med i ei utbrytargruppe, KDP-Political Bureau.[1] Gruppa var leia av Ibrahim Ahmad som seinare skulle bli svigerfar til Talabani. I 1966 tok gruppa regjeringa si side og førte ein militær kamp mot KDP.[1]

I 1975 danna Talabani og andre Kurdistans patriotiske union (PUK), eit sosialistisk parti som prøvde å heva seg over stammetilhøyrsle og kjempa mot regjeringa.[1] Partiet tok snart opp våpen mot regjeringa. I 1988 blei dei sterkt ramma av dei kjemiske våpna som blei brukte mot kurdarane. Talabani måtte flykta frå Nord-Irak til Iran.[1]

6. april 2005 blei han vald til den sjette presidenten av Irak, den fyrste ikkje-arabaren.[2]Han blei teken i eid dagen etter.[3]

22. april 2006 byrja han den andre perioden sin som president, den fyrste som var vald under den nye grunnlova til landet.[4]

18. desember 2012 fekk Talabani slag, og sendt til intensivbehandling i Bagdad.[5] 20. desember hadde tilstanden hans betra seg nok til at Talabani kunne reisa til Tyskland for vidare behandling.[6][7] 19. juli 2014 vendte Jalal Talabani tilbake til Irak etter over 18 månader med behandling.[8] Fråveret hans førte til ei leiarkrise i PUK.[2] Støttespelaren hans Fuad Masum blei likevel vald til ny president 24. juli 2014.[9]

Jalal Talabani døydde 3. oktober 2017 i Berlin, 83 år gammal, av hjerneblødning som følgje av slaget i 2012.[10][11] Han døydde nokre dagar etter ei folkeavrøysting som støtta sjølvstende for Irakisk Kurdistan.[12] Masoud Barzani, presidenten for dei kurdiske regionale styresmaktene og ein mangeårig rival av Talabani,[2] kunngjorde sju sørgedagar i Irakisk Kurdistan til minne om Talabani.[13] Den irakiske statsminister Haider al-Abadi kunngjorde også tre sørgedagar i heile landet.[14] Statsgravferda hans blei halden 6. oktober 2017.[15][16]

Privatliv

Talabani var gift med Hero Ibrahim Ahmed, dotter av PUK-grunnleggjaren Ibrahim Ahmed.[17] Dei hadde to søner, Bafel og Qubad. Qubad blei visestatsminister for den kurdiske regionale styresmakta i Erbil i 2014.[18] Han blei seinare leiar for PUK i lag med Lahur Talabany, ein nevø av Jalal Talabani.[19]

Kjelder