Berlin

hovudstaden i Tyskland

Berlin er hovudstaden og den største byen i Tyskland. Byen er òg ein eigen delstat. Han er eit viktig kulturelt og politisk senter i Europa. Berlin har 3,42 millionar innbyggjarar, om ein tek med forstadene er talet på mellom 4,3 millionar.

Berlin
delstat
Flagg
Symbol
Land Tyskland
Del avBerlin-Brandenburg storbyområde
HovudstadBerlin
Areal891,12 km²
Folketal 3 755 251 (31. desember 2022)
SpråkTysk
Kart
Berlin
52°31′00″N 13°23′00″E / 52.516666666667°N 13.383333333333°E / 52.516666666667; 13.383333333333
Wikimedia Commons: Berlin

Staten Berlin har som sine fargar raudt/kvitt/raudt, og våpenet er ein svart oppreist bjørn.

Geografi

Berlin ligg ved elvane Spree og Havel. Berlin var tidlegare ein del av Mark Brandenburg, som ligg kring Berlin. Frå 1920 byen vore ein eigen bystat.

Byen vert utgjort av til saman 12 distrikt (Bezirke): Mitte, Friedrichshain-Kreuzberg, Marzahn-Hellersdorf, Treptow-Köpenick, Lichtenberg-Hohenschönhausen, Spandau, Steglitz-Zehlendorf, Charlottenburg-Wilmersdorf, Reinickendorf, Tiergarten, Tempelhof-Schöneberg og Neukölln.

Historie

Berlin fekk bystatus i 1240, men det var først med kongeriket Preussen på 1700-talet at Berlin fekk ei sentral rolle. Kongane av Preussen oppførte ei rad monumentale bygg på 1700- og 1800-talet. Den vidgjetne arkitekten Karl Friedrich Schinkel kom til å prega klassisismen sterkt.

Byen vart eit sentrum for politikk og kultur i Europa. Særleg stod kunst, arkeologi og musikk sentralt. Ved danninga av det tyske riket i 1871 vart byen gjort til rikshovudstad. Etter at Den fyrste verdskrigen slutta, vart Berlin frå 1919 det økonomiske og kulturelle senteret i den svært liberale Weimar-republikken. Berlin hadde kjøpesenter som London og eit uteliv som Paris. Trass i stor politisk uro og misnøye var dette ein gullalder for byen Berlin.

Store delar av Berlin vart bomba og lagt i grus under Den andre verdskrigen. I samsvar med avtalene dei imellom okkuperte sigersmaktene kvar sin del av byen i 1945, etter han var erobra av sovjetiske styrkar. Sovjetunionen gjorde seinare den austlege delen av byen til hovudstad i DDR. For å hindra at innbyggjarar flykta frå DDR-delen av byen bygde styresmaktene ein mur i 1961. Berlinmuren var 43 kilometer lang og delte byen i to. Muren kom til å symbolisera delinga av Europa i den kalde krigen og jernteppet som skilde dei to delane. Muren vart vakta med piggtråd og soldatar fram til 1989 då dei kommunistiske regima måtte gje tapt for presset frå innbyggjarane. Fleire hundre menneske vart drepne ved muren i løpet av den kalde krigen. Frå 1990 har det gått føre seg omfattande byggeaktivitet og rekonstruksjon av byen slik han var før krigen.

Politikk

Berlin si regjering vert kalla senat, og leiaren for senatet vert kalla regjerande borgarmeister. Michael Müller (SPD) er no i denne stillinga. Berlin er, og har alltid vore, ein utprega «raud» by. Men siden valet i 2011 regjerer sosialdemokratane SPD med dei konservative CDU i ein storkoalisjon. I staten Berlin sitt parlament har sosialdemokratane SPD 47 sete, dei konservative CDU 39 sete, miljøpartiet Dei grøne 29 sete, sosialistane die Linke 19 sete og Piratenpartei Berlin 15 sete.

Staten Berlin har i dag fire sete i det tyske Forbundsrådet.

Samfunn

Universitet

Fernsehturm
Foto: Andreas Praefcke

Operahus

  • Deutsche Oper
  • Staatsoper Unter den Linden
  • Komische Oper

Teater

  • Schaubühne
  • Volksbühne
  • Deutsches Theater
  • Berliner Ensemble
  • Theater des Westens
  • Grips-Theater
  • Friedrichstadt-Palast

Museum

  • Museumsinsel (Museumsøya) med mellom anna Pergamonmuseet og Alte Nationalgalerie
  • Neue Nationalgalerie (museum for moderne kunst)
  • Dahlemer Museen
    • Gemälde-Galerie (tysk, italiensk og nederlandsk kunst frå 1400–1700-talet)
  • Brücke Museum
  • Deutsche Technik Museum Berlin (Teknisk museum i Berlin)
  • Bode-Museum
    • Museum für Vor- und Frühgeschichte (Historisk museum)
  • Ägyptisches Museum - Egyptisk Museum (Schloss Charlottenburg)
  • Naturkundemuseum - Humboldtmuseet, naturhistorisk museum

Verdt å sjå

  • Brandenburger Tor
  • Charlottenburg
  • Alexanderplatz med Fernsehturm
  • Gendarmenmarkt
  • Kreuzberg
  • Kurfürstendamm med Kaiser-Wilhelm-Gedächtniskirche
  • Neue Synagoge i Oranienburger Straße, bygd på 1860-talet.
  • Pfaueninsel
  • Rotes Rathaus i Rathausstraße, er rådhuset i Berlin. Det vart bygd på 1860-talet.
  • Potsdamer Platz
  • Reichstag
  • Det preussiske Herrenhaus, der forbundsrådet held til
  • Tiergarten (Berlin sin største park), Tegel og Grunewaldskogane.
  • Unter den Linden, Berlin si paradegate
  • Nabobyen Potsdam med Sanssoussci, Cecilienhof og Neues Palais

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Berlin