Jamie Carragher

britisk fotballspelar

James Lee Duncan Carragher (fødd 28. januar 1978 i Bootle i Merseyside) er ein engelsk fotballspelar som har spela i forsvar for Liverpool i engelsk Premier League, og for det engelske landslaget. Han har spelt for Liverpool heile karrieren sin, og var med på å vinna den europeiske Meisterligaen med dei i 2005 og UEFA-cupen i 2001. Han debuterte for A-landslaget 28. april 1999 som innbytar i ein kamp mot Ungarn. Han var med i England sin tropp til fotball-EM i 2004 og fotball-VM i 2006, men i 2007 trekte han seg frå vidare landslagsspel. I 2010 let han seg overtala til å koma attende til landslaget og vart teken ut i England sin tropp til fotball-VM i 2010. Carragher er gift og har éin son og éi dotter.

Jamie Carragher
Personleg informasjon
Fullt namnJames Lee Duncan Carragher
Fødd28. januar 1978
FødestadBootle
Høgd185 cm
PosisjonForsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Liverpool
Nummer23
Ungdomsklubbar
1990-96 Liverpool
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar (Mål)
1996- Liverpool435 (4)
Landslag
1996-2000
1999-
England U21
England
27 (1)
38 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 19. juni 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 19. juni 2010