Janez Drnovšek

slovensk diplomat og økonom

Janez Drnovšek (17. mai 195023. februar 2008) var ein slovensk politikar og tidlegare president i Slovenia, frå 2002 til 2007. Han har òg vore statsminister i Slovenia og president i Jugoslavia.

Janez Drnovšek

StatsborgarskapSlovenia
Fødd17. mai 1950
Celje
Død

23. februar 2008 (57 år)
Zaplana

Yrkesamfunnsøkonom, diplomat, politikar, skribent, politisk kommissær, bankier, forretningsdrivande
Språkslovensk, engelsk, kroatisk, spansk, fransk, tysk, serbokroatisk
VervPresident i Jugoslavia
Periode1989-1990
FøregangarRaif Dizdarević
EtterfylgjarBorisav Jović
VervStatsminister i Slovenia
Periode1992-2000
FøregangarLojze Peterle
EtterfylgjarAndrej Bajuk
VervStatsminister i Slovenia
Periode2000-2002
FøregangarAndrej Bajuk
EtterfylgjarAnton Rop
VervPresident i Slovenia
Periode2002-2007
FøregangarMilan KučanMilan Kučan
EtterfylgjarDanilo Türk
Politisk partiGibanje za pravičnost in razvoj, Liberalna demokracija Slovenije, Slovenias kommunistforbund
Janez Drnovšek på Commons

Drnovšek vart fødd i Celje i det som då var den slovenske delrepublikken i Jugoslavia. Han er utdanna økonom med doktorgrad frå universitetet i Maribor i 1986. Han har arbeidd i eit bygningsfirma, i bank og som økonomisk rådgjevar ved den jugoslaviske ambassaden i Kairo. I 1986 vart han vald som delegat til parlamentet i Slovenia og også det jugoslaviske parlamentet. I 1989 vart det for første gong heldt frie val i Slovenia til plassen som Slovenia sin representant til Jugoslavia sitt kollektive presidentskap og Drnovšek vann valet. Han vart dermed den første fritt valde medlemen i presidentskapet. På denne tida rullerte posten som formann i presidentskapet, og dermed president i Jugoslavia, mellom dei ulike delrepublikkane for eit år om gongen. I 1989 var det Slovenia sin tur til å ha presidenten, og Drnovšek vart dermed president i Jugoslavia, frå 15. mai 1989 til 15. mai 1990. Han var på denne tida framleis medlem i kommunistpartiet.

I 1991 erklærte Slovenia sjølvstende, og ein kort krig braut ut mot den jugoslaviske hæren. Drnovšek leia forhandlingane på øya Brioni som enda med våpenstillstand og tilbaketrekking av dei jugoslaviske styrkane. Etter at Slovenia vart sjølvstendig har han vore ein av dei mest framtredande politikarane i landet. I 1992 vart han leiar av partiet Slovenias Liberale Demokrati (Liberalna Demokracija Slovenije - LDS), og i april same året vart han statsminister i Slovenia. Han fokuserte på økonomiske reformer og privatisering. I hans tid som statsminister starta prosessane med å oppnå slovensk medlemskap i NATO og EU. Han sat som statsminister til 2002, med nokre få månaders avbrot i 2000. I 2002 gjekk han òg av som partileiar. Ved presidentvalet 10. november og 1. desember 2002 vart han vald til president med 44,4 % i første valrunde og 56,5 % i andre runde. I 2006 forlet han partiet LDS. Han stilte ikkje til attval i 2007, og gjekk av då perioden hans var over, den 23. desember 2007.

Janez Drnovšek var skild og hadde to born. Han var veganar.

Drnovšek døydde i 2008 i heimen sin i Zaplana.