Kongressbiblioteket i USA

Kongressbiblioteket[2] i USA, Library of Congress[3] er eit bibliotek i Washington D.C. Det tener som forskingsbibliotek for Kongressen i USA, og er ofte rekna som eit nasjonalbibliotek, sjølv om ein slik status ikkje er felt ned i lovverket.

Library of Congress

TypeNasjonalbibliotek
Skipa24. april 1800
HovudkontorWashington, DC
LeiarCarla Hayden
Tilsette3 224 (2013)[1]
UndergrupperU.S. Copyright Office
Nettstadhttps://loc.gov/ Sjå dette på Wikidata

Historie

Main Reading Room i Library of Congress.

Biblioteket blei skipa i 1800.[3] Det er den eldste føderale kulturinstitusjonen i USA.

James Madison skal ha hatt den opphavlege ideen om å skapa eit kongressbibliotekt, og kom først med eit slikt forslag i 1783.[4] Kongressbiblioteket blei så skipa under president John Adams den 24. april 1800, då den amerikanske regjeringa flytta frå Philadelphia til den nye hovudstaden Washington. Ein del av loven fordelte 5000 dollar «for the purchase of such books as may be necessary for the use of Congress ... and for fitting up a suitable apartment for containing them.»[5] Det blei bestilt bøker frå London, og ei samling av 740 bøker og tre kart blei husa i den nye United States Capitol.[6]

Kjelder