Kro i zoologien

Eit kro er ei tynnvegga utviding av fordøyingskanalen som ulike dyr bruker til mellombels lagring av mat. Kro finst hos mange dyregrupper, inkludert sniglar, meitemark,[1] iglar,[2] insekt[3] og fuglar.

Kroet på ei due, nummer 4 til høgre for halsen.
Flamingo matar med kromjølk.

Fuglar

Hos fuglar er kroet ein utvida, muskuløs pose i nærleiken av matrøyret eller svelget. Det er ein del av fordøyingskanalen, eigentleg ein forstørra del av matrøyret. Som med dei fleste andre organismar som har kro, blir kroet brukt til mellombels oppbevaring av mat og til oppbløyting av mat. Ikkje alle fuglar har kro. Til dømes har dei fleste rovfuglane kro, men ikkje ugler.

Fuglar som et åtsel, slik som gribbar, vil fråsse når det er rikeleg med tilgang på byttedyr, noko som får kroet til å bule ut. Seinare sit dei halvt i søvne og fordøyer maten.

Kromjølk

Vaksne duer kan produsere ei mjølkeliknande væske, kromjølk, i kroet for å mate nyklekte ungar.[4] Også flamingoar kan produsere kromjølk.

Kjelder

Fotnotar