Licancabur
Licancabur er ein 5 920 moh. høg stratovulkan på landegrensa mellom Chile og Bolivia. Vulkanen reiser seg tett sørvest for innsjøen Laguna Verde i Bolivia. Vulkanen dominerer landskapet i Salar de Atacama-området i Antofagasta-regionen.
Licancabur | |||
fjell | |||
Land | Chile, Bolivia | ||
---|---|---|---|
Licancabur 22°50′01″S 67°52′58″W / 22.833611111111°S 67.882777777778°W | |||
Wikimedia Commons: Licancabur | |||
Sjølve fjelltoppen og krateret ligg i sin heilskap i Chile, vel ein kilometer sørvest for landegrensa. Krateret er omkring 400 meter breitt og har eit 70-90 meter djupt kratervatn som er islagt det meste av året. Vatnet er eit av dei høgstliggjande i verda, og trass i at temperaturane kan falle til -30 °C lever det plankton i vatnet.
Inka-ruinar funne på toppen av fjellet syner at det har vore klive i førkolumbisk tid. Dessutan er det eit prov på at ingen større utbrot har funne stad dei siste 500-1000 år.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- Ekskursjon til Licancabur Arkivert 2011-07-13 ved Wayback Machine.
- Licancabur, tur 2003 Arkivert 2012-07-17 ved Wayback Machine.
- Høgstliggjande innsjøane på Jorda
🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen