Ma'rib

Ma'rib (arabisk مأرب) eller Marib er ein by og administrasjonssenter i Ma'rib guvernement i Jemen. Han var hovudstaden i det sabaeiske kongedømet, som somme forskarar meiner er Sjeba som er nemnt i Bibelen.[1] Han ligg kring 120 kilometer aust for hovudstaden i Jemen, Sana. Byen hadde i 2005 16 794 innbyggjarar. I 2011 vart Ma'rib omtalt som «Al Qaida-hovudstaden i Jemen».[2]

Ma'rib
by
Ruinane av Gamle Ma'rib, som ligg sør for den moderne byen.
Land Jemen
guvernementMa'rib guvernement
Koordinatar15°25′N 45°21′E / 15.417°N 45.350°E / 15.417; 45.350
Folketal 16 794  (2005)
TidssoneJemen standardtid (UTC+3)
Kart
Ma'rib
15°27′45″N 45°19′33″E / 15.46253°N 45.32581°E / 15.46253; 45.32581
Wikimedia Commons: Marib

Historie

Det sabaeiske kongedømet låg der som Marib i dag ligg, nord i Jemen. Kongane hadde hovudsetet sitt i Ma'rib og bygde flotte vatningsanlegg, som Ma'rib-dammane, som det er synlege ruinar av i dag. Marib-dammen gav vatn til ein blømande kultur i meir enn tusen år, men kollapsa i 575 evt., før Muhammed og kan vere ei av årsakene til Arabia ikkje vart kristna.[3] Dei bygde òg borger og tempel i området, og var kjende for å handle med verdifull røykjelse[1] og myrra.[4] Dei var eit sjøfarande folk og påverka folket i det nordaustafrikanske kongedømet Dʿmt, på andre sida av Raudehavet i Eritrea og Etiopia, den einaste andre kjende til både røykjelse og myrra.

I 25 fvt, leia Aelius Gallus «ein ekspedisjon til Ma'rib (Jemen).»[5]

Det gamle Ma'rib var i stor grad fråflytta på 1900-talet. Sjølv om ein liten landsby var att, låg dei fleire etasjar høge leirsteinsbygningane i den historiske byen i ruinar. Den moderne byen Ma'rib ligg kring 3,5 km nord for sentrum av den gamle byen.

Oljeraffineri

Jemen Oil Refining Company opna eit oljeraffineri i Ma'rib i 1986, som produserer 10 000 fat olje kvar dag (2009). I november 2009 annonserte selskapet ein avtale med det koreanske Shinhan om å utvide og oppgradere raffineri til å produsere 25 000 fat per dag.[6]

Ma'rib er starten på den 438 km lange Marib-Ra's Isa-oljerøyrleidninga, med ein kapasitet på 200 000 fat olje kvar dag.[7]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen