Medlemmer av Riksforsamlinga på Eidsvoll

Wikimedia-listeartikkel

Dette er ei oversikt over medlemmer av Riksforsamlinga på Eidsvoll, det vil seie dei 112 eidsvollmennene og kor dei var utsende frå til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Måleriet «Eidsvold 1814» blei utført av Oscar Arnold Wergeland 70 år etter forsamlinga på Eidsvoll og var ei gåve til Stortinget i 1885.[1] Christian Magnus Falsen står oppreist framfor forsamlinga og les opp grunnlova, Wilhelm Frimann Koren Christie sit ved sida av. I alt omfattar måleriet rundt 70 portrett.[2] Måleriet heng i Stortingssalen.

Av dei 112 medlemmene av riksforsamlinga vart 33 peika ut blant dei militære. Dei andre vart peika ut som representantar for landdistrikt og byar. Embetsmennene dominerte forsamlinga med meir enn halvparten av medlemmene. Men ingen av dei var mellom dei mest framståande embetsmennene i Noreg. Over halvparten var juristar og det var femten teologar (prestar), 44 av dei 112 hadde utdanning frå Universitetet i København.[3] Ei handfull av medlemmene var store bruks- og godseigarar og 13 var kjøpmenn. Kristian Fredriks valreglar hadde gjort at gardbrukarane blei godt representert, i alt blei nærare ein tredel av forsamlinga gardbrukarar.

Forsamlinga bestod av utpeikte representantar frå heile Noreg med unntak av Nord-Noreg.[4]

Fleire av Eidsvollsmennene var unge. Gjennomsnittsalderen for riksforsamlinga var 42,8 år.[5]

Representantar på Eidsvoll 17. mai 1814

Tabellen viser alle eidsvollmenn med yrke (stilling), alder og «parti». Valentin Sibbern er ført opp to gonger: Han blei vald som representant både for Smålenenes amt og Akershus ridende Jegerkorps, men tok plass som representant for si militære eining på Eidsvoll.[6] Peter Motzfeldt blei vald til ein av Bergen by sine representantar, men vart samstundes vald av artillerikorpset og inntredde etter råd frå Kristian Fredrik som representant for korpset.[7]

ValkrinsNamnAlderYrke«Parti»
Agershuus AmtPeder Anker65kammerherreunionspartiet
Agershuus AmtChristian Magnus Falsen32sorenskrivarsjølvstendepartiet
Agershuus AmtChristian Christensen Kollerud47gardbrukar?
Aggershusiske Ridende JægerkorpsValentin Sibbern35majorunionspartiet
Aggershuske Skarpskytter RegimentFrederik Wilhelm Stabell51oberstløytnant?
Aggershuske Skarpskytter RegimentZacharias Melleby33kommandersersjantsjølvstendepartiet ?
Arendals DeputationAlexander Christian Møller52distriktslege?
Artillerie-CorpsetPeter Motzfeldt47kapteinsjølvstendepartiet
Artillerie-CorpsetHans Haslum25sersjantsjølvstendepartiet
Bergen Byes DeputeredeWilhelm Frimann Koren Christie36sorenskrivarsjølvstendepartiet
Bergen Byes DeputeredeFrederik Meltzer35grosserarsjølvstendepartiet
Bergen Byes DeputeredeJens Rolfsen49grosserarsjølvstendepartiet
Bergen Byes DeputeredeJonas Rein54residerande kapellansjølvstendepartiet
Søndre Bergenhuus AmtArnoldus von Westen Sylow Koren50sorenskrivarsjølvstendepartiet
Søndre Bergenhuus AmtGeorg Burchard Jersin47sokneprestsjølvstendepartiet
Søndre Bergenhuus AmtBrynjel Andersen Gjerager53gardbrukarsjølvstendepartiet
Nordre Bergenhuus AmtLars Johannes Irgens39kanselliråd og sorenskrivarsjølvstendepartiet
Nordre Bergenhuus AmtNicolai Nielsen37sokneprestsjølvstendepartiet
Nordre Bergenhuus AmtPeder Pedersson Hjermann60gardbrukarsjølvstendepartiet
Bergenhusiske RegimentOle Elias Holck40kaptein?
Bergenhusiske RegimentNiels Johannesen Loftesnæs25musketersjølvstendepartiet
Buskeruds AmtFrederik Schmidt43prostsjølvstendepartiet
Buskeruds AmtJohan Collett39futsjølvstendepartiet
Buskeruds AmtChristopher Borgersen Hoen47gardbrukar?
Bratsberg AmtSeverin Løvenskiold37kammerherre, amtmannunionspartiet
Bratsberg AmtPeder Jørgen Cloumann67justisrådunionspartiet
Bratsberg AmtTalleiv Olavsson Huvestad53gardbrukarunionspartiet
ChristianiaGeorg Sverdrup44professorsjølvstendepartiet
ChristianiaChristopher Frimann Omsen53tollprokuratorunionspartiet
ChristianssandNicolai Wergeland34residerande kapellanunionspartiet
ChristianssandOle Clausen Mørch40grosserarunionspartiet
Christians AmtLaurits Weidemann39sorenskrivarsjølvstendepartiet
Christians AmtHans Jacob Stabel45sokneprestsjølvstendepartiet
Christians AmtAnders Lysgaard58gardbrukarsjølvstendepartiet
ChristiansundJohn Moses33kjøpmannunionspartiet
DramenNikolai Scheitlie61forvaltarsjølvstendepartiet
FriderichshaldCarl Adolph Dahl45kanselliråd, byfogd, sorenskrivar?
FriedrichsstadAndreas Michael Heiberg46kanselliråd, byfogdsjølvstendepartiet
Hedemarkens AmtClaus Bendeke51amtmannsjølvstendepartiet
Hedemarkens AmtAndreas Aagaard Kiønig43sorenskrivarsjølvstendepartiet
Hedemarkens AmtOle Olsen Evenstad48lensmannsjølvstendepartiet
HolmestrandHans Hein Nysom47sokneprestsjølvstendepartiet
Jarlsberg GrevskabHerman Wedel-Jarlsberg35greveunionspartiet
Jarlsberg GrevskabGustav Peter Blom29sorenskrivarunionspartiet
Jarlsberg GrevskabOle Rasmussen Apeness49gardbrukarunionspartiet
Ingenieur BrigadenHenrik Frederik Arild Sibbern29kapteinsjølvstendepartiet
KongsbergPoul Steenstrup42bergmeister og direktør for Kongsberg Sølvverksjølvstendepartiet
KragerøeChristian Hersleb Horneman32byfogdsjølvstendepartiet
LaurvigChristian Adolph Diriks39justisråd og sorenskrivarsjølvstendepatiet
Laurvigs GrevskabIver Hesselberg52proprietærsjølvstendepartiet ?
Laurvigs GrevskabAnders Hansen Grønneberg35skipskapteinsjølvstendepartiet ?
Laurvigs GrevskabOle Olsen Amundrød43gardbrukarsjølvstendepartiet
Lister AmtGabriel Lund39kjøpmannsjølvstendepartiet
Lister AmtJens Erichstrup39futunionspartiet
Lister AmtTheis Jacob Thorkildsen Lundegaard40gardbrukarsjølvstendepartiet
Mandals AmtOsmund Andersson Lømsland49gardbrukarunionspartiet
Mandals AmtErich Haagensen Jaabech55gardbrukarunionspartiet
Mandals AmtSyvert Omundsson Eeg57gardbrukarunionspartiet
MoldeFrederik Motzfeldt35byfogdsjølvstendepartiet
MossGregers Winther Wulfsberg34byfogd
Nedenæs AmtJacob Aall41jarnverkseigarunionspartiet
Nedenæs AmtHans Jacob Grøgaard50sokneprestunionspartiet
Nedenæs AmtThor Reiersen Lilleholt34lensmannunionspartiet
Nordenfjelske Infanteri RegimentPeter Blankenborg Prydz38kapteinsjølvstendepartiet
Nordenfjelske Infanteri RegimentHelge Ellingsen Waagaard33musketer
Norske Jæger CorpsPalle Rømer Fleischer33kapteinunionspartiet
Norske Jæger CorpsNiels Fredriksen Dyhren36korporalsjølvstendepartiet
Oplandske Infanterie RegementDiderich Hegermann51oberstsjølvstendepartiet
Oplandske Infanterie RegementPål Torsson Harildstad50kommandersersjantsjølvstendepartiet
PorsgrundJørgen Aall43grosserarsjølvstendepartiet
Raabøigelaugets AmtThomas Bryn32sorenskrivarunionspartiet
Raabøigelaugets AmtEven Torkildsen Lande56gardbrukarunionspartiet
Raabøigelaugets AmtOlav Knutsson Tveiten56lensmannsjølvstendepartiet
Romsdals AmtHilmar Meincke Krohg38amtmannsjølvstendepartiet
Romsdals AmtJens Stub50prostunionspartiet
Romsdals AmtElling Olsson Walbøe51gardbrukarunionspartiet
Røraas BergkorpsRichard Floer47kaptein
Smaalehnenes AmtValentin Sibbern35major
Smaalehnenes AmtPeter Ulrik Magnus Hount45prostsjølvstendepartiet
Smaalehnenes AmtJohn Hansen Sørbrøden39gardbrukarsjølvstendepartiet
SchienDidrich von Cappelen53grosserarunionspartiet
Stavanger ByePeder Valentin Rosenkilde42kjøpmannsjølvstendepartiet
Stavanger AmtLars Andreas Oftedahl33sokneprestunionspartiet
Stavanger AmtChristen Mølbach48kjøpmannunionspartiet
Stavanger AmtAsgaut Olsen Regelstad53gardbrukarsjølvstendepartiet
Søe-DeffensionenJens Schow Fabricius58kommandørsjølvstendepartiet
Søe-DeffensionenThomas Konow17løytnantsjølvstendepartiet
Søe-DeffensionenPeder Johnsen31underoffisersjølvstendepartiet
Søe-DeffensionenEven Thorsen36matrossjølvstendepartiet
Søndenfieldske Infanterie-RegimentDaniel Frederik Petersen57oberstsjølvstendepartiet
Søndenfieldske Infanterie-RegimentOle Svendsen Iglerød30musketersjølvstendepartiet
Søndenfieldske Dragon-RegimentEilert Waldemar Preben Ramm45rittmeistersjølvstendepartiet
Søndenfieldske Dragon-RegimentPeder Paulsen Balke35korporalsjølvstendepartiet
Tellemarkske Infanterie RegimentEnevold Høyum39kapteinsjølvstendepartiet
Tellemarkske Infanterie RegimentGullik Madssen Rød28kommandersersjantsjølvstendepartiet
Trondhjems ByeAndreas Rogert60etatsrådsjølvstendepartiet
Trondhjems ByePeter Schmidt32grosserarunionspartiet
Søndre Trondhjems AmtJacob Hersleb Darre57sokneprest
Søndre Trondhjems AmtAnders Rambech47sorenskrivarsjølvstendepartiet
Søndre Trondhjems AmtLars Larsen Forsæth55klokkarsjølvstendepartiet
Nordre Trondhiems AmtHans Christian Ulrik Midelfart44prostsjølvstendepartiet
Nordre Trondhiems AmtHieronymus Heyerdahl41sokneprestsjølvstendepartiet
Nordre Trondhiems AmtSivert Pålsson Bratberg34gardbrukar?
Første Trondh. Inf. RegimentGeorg Ulrich Wasmuth26kapteinsjølvstendepartiet
Første Trondh. Inf. RegimentDaniel Larsen Schevig28sersjantsjølvstendepartiet
Annet Trondhjemske regimentJacob Erik Lange47kaptein
Annet Trondhjemske regimentHelmer Andersen Gjedeboe28sersjantsjølvstendepartiet ?
Trondhiemske Dragon CorpsFrederik Hartvig Johan Heidmann37premierløyntnantsjølvstendepartiet
Trondhiemske Dragon CorpsPetter Johnsen Ertzgaard30kvartermeisterunionspartiet
TønsbergCarl Stoltenberg44grosserarsjølvstendepartiet
Westerlenske Inf. RegimentJust Henrik Ely55major
Westerlenske Inf. RegimentOmund Bjørnsson Birkeland28underjegerunionspartiet
Øster RisøerHenrik Carstensen61kjøpmann, jarnverkeigarunionspartiet

Nordnorske representantar

Litografi av Bodø av Peter Frederik Wergmann frå rundt 1835, med Bodin kyrkje bak til venstre i bilete. Dei første valmannsvala fann stad 29. april mellom anna i Bodin kyrkje. Amtmann Christen Elster i Nordlands amt budde i Bodø.[8]

Det var ingen representantar frå dei nordnorske fylka (amta) til stades på Eidsvoll. Dette kom mellom anna av at kommunikasjonane var dårleg utbygd og reise- og post-tidene lange. Det er ikkje desto mindre også påvist at biskop Mathias Bonsach Krogh, som hadde fått ansvar for å setje i gang valprosessen av Kristian Fredrik, ikkje forhasta seg i dette arbeidet, men tvert imot skreiv til prinsregenten at val «ei nu kan skee i Nordlandene og Finmarken».[9]

Forseinkinga gjorde at amtmannen i Finmarken (no Troms og Finnmark) fekk meldinga om at det skulle haldast riksforsamling først fire dagar etter at denne var tredd saman. Vidare brev til sokna i landsdelen gjekk ut 14. mai med ordre om at det skulle veljast representantar til eit møte i Tromsø 24. juli–1. august for å velje eidsvollmenn frå amtet.

16. juli fekk amtmann Johan Caspar Krogh melding sørfrå om at Grunnlova var vedteke og at Kristian Fredrik var konge. Dette var alt for seint til å avlyse møtet. Krogh avgjorde å halde val likevel 1. august, men da til det første ordinære Storting, som var planlagt våren 1815. Dette var det aller første stortingsvalet i Noreg.[10]

Konflikta med Sverige leia til at heller ikkje dette valet fekk noka praktisk tyding. Etter Mossekonvensjonen av 14. august blei eit omframt Storting kalla inn til 7. oktober. Til Tromsø kom innkallinga ikkje før 20. oktober. Ein av de valde, gardbrukaren og tømraren Henrik Larsen Skjæret frå Balsfjord, drog straks av garde. Han kom så langt som til Bodø, men derfrå vendte han heim da han fekk vite at Stortinget alt hadde avslutta forhandlingane.

Dei tre som vart valde frå Finmarken var pastor Niels Drejer frå Hammerfest, handelsmann og distriktssjef i Kystvernet Lorenz Peter Jessen frå Klauva i Senja, og gardbrukaren Henrik Larsen Skjæret frå Balsfjord.[11] Sjølv om amtmannen hadde avgjort at desse tre skulle møte på det første ordinære Storting i 1815, vart dei aldri stortingsmenn. Det blei halde nye val neste år til dette Stortinget, og andre menn blei valde frå Finmarkens Amt: Johannes Henriksen Aas, Nils Normann og Wilhelm Henrik Klerck.

Situasjonen var noko annerleis i Nordland. Hit kom meldinga om at riksforsamlinga på Eidsvoll var avslutta såpass tidleg at amtmannen fann det nyttelaust å kalle inn til valmøte. Nordland var dermed det einaste amtet som ikkje valde utsendingar til grunnlovsforsamlinga.[12]

Kjelder

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Wikikilden:GrunnlovenWikikilden (frie originaltekstar)