Mikhail Sjolokhov

russisk skribent

Mikhail Aleksandrovitsj Sjolokhov (russisk Михаил Александрович Шолохов; fødd 11. maijul./ 24. mai 1905greg. ved landsbyen Vjosjenskaja nær Rostov-na-Donu i Det russiske imperiet; død 21. februar 1984 i Vjosjenskaja i Rostov oblast) var ein sovjetrussisk romanforfattar. Han blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 1965 for hovudverket Stille flyter Don: «for den kunstarlege krafta og integriteten som han, i si episke forteljing frå Don, framstilte ei historisk fase i livet til det russiske folket på.»[1][2]

Mikhail Sjolokhov

StatsborgarskapDet russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd11. mai 1905
Kruzjilincki
Død

21. februar 1984 (78 år)
Vjosjenskaja

Yrkeskribent, romanforfattar, manusforfattar, lyrikar, prosaforfatter, journalist, politikar
Språkrussisk
Politisk partiSovjetunionens kommunistiske parti
Medlem avDen sovjetiske forfatterforeningen, Serbias vitenskaps- og kunstakademi, Det russiske vitskapsakademiet, Det sovjetiske vitskapsakademiet, Sentralkomiteen i det sovjetiske kommunistpartiet
EktefelleMaria Petrovna Gromoslavskaia
Mikhail Sjolokhov på Commons


Kritikk

Sjolokhov blei utsett for skuldingar om at Fortellinger fra Don og Stille flyter Don er eit plagiat av upubliserte manuskript skrivne av den militære kosakkforfattaren Fjodor Krjukov. I 1974 kom Aleksandr Solzjenitsyn med dei same skuldingane.[3] Kort tid etter sa Konstantin Simonov i eit intervju at Solzjenitsyn hata alt sovjetisk i ein slik grad at han såg det som umogleg at «ei så ærleg bok om borgerkrigen som Stille flyter Don kunne bli skriven av ein sovjetforfattar og aller minst av ein "nykommar" som Sjolokhov, men berre av ein kvitegardist og innfødd kosakk som Krjukov eller andre.»[4] Manuskripta til Krjukov er forsvunne og med det sjansane til ei full gransking.

I 1980-åra synte forskarar som tyskaren Herman Erolajev[5] og nordmannen Geir Kjetsaa[6] med vitskapelege metodar at det mest truleg ikkje er snakk om plagiat. Willi Beitz hevda at «legenda om det moglege plagiatet blei starta av Solzjenitsyn.»[7] I så fall kan ein sjå det som eit «takk for sist» frå Solzjenitsyn, for på slutten av 1960-talet var Sjolokhov ein av dei førande i å skulde Solzjenitsyn for ikkje å vere ein systemtru forfattar, og dermed ansvarleg for å avgrense aktivitetane hans.[8]

På den andre sida hevda omsettaren og forfattaren Felix Philipp Ingold i ein artikkel i Neue Zürcher Zeitung 23. august 2006 at Sjolokhov ikkje forfatta hovudverka sine sjølv, men at ei rekke «ghostwriters» skreiv dei på oppdrag av sovjetmakthavarane.[9]

Verk omsett til norsk

  • Donskije rasskazy: Fortellinger fra Don, 1964, 239 sider. Omsett til bokmål av Olav Rytter
  • Sudba tsjelovjeka: En manns skjebne, 1960, 94 sider. Omsett til bokmål av Arne Gallis; illustrasjonar ved Reidar Aulie
  • Podnjataja tselina: Ny jord, 3 bind, 1960. Omsett til bokmål av Ivar Digernes og Natalia Fredriksen
  • Tichij Don: Stille flyter Don, 4 bind, 1956. Omsett til bokmål av Ivar Digernes

Referansar og fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kjelder