Moher-klippene

52°56′10″N 9°28′15″W / 52.93611°N 9.47083°W / 52.93611; -9.47083

Moher-klippene
Land Irland
Kart
Moher-klippene
52°56′10″N 9°28′15″W / 52.936111111111°N 9.4708333333333°W / 52.936111111111; -9.4708333333333
Wikimedia Commons: Cliffs of Moher
Utsikt nordover mot O'Brien's Tårn
Utsikt sørover

Moher-klippene (engelsk Cliffs of Moher, irsk Aillte an Mhothair,[1] 'Klippene til ruinen') er nokre kjende klipper ved kysten av County Clare i Irland.Dei ligg ved sørvestenden av platået The Burren,[2][3] og strekkjer seg i 14 km langs kysten.

I sørenenden når dei 120 moh. ved Hag's Head, og 8 km lenger nord når dei den største høgda si på 214 meter like nord for O'Brien's Tower,[4] eit rundt steintårn bygd i 1835 av Sir Cornelius O'Brien,[2][5] før dei blir lågare. Dei næraste busetnadane er landsbyane Liscannor, som ligg 6 km sør, og Doolin 7 km nord.

Klippene er eit viktig turistmål. Herfrå kan ein sjå Aran-øyane i Galway Bay, fjella Maumturks og Twelve Pins i nord og Loop Head i sør.[5] Klippene er ein av dei viktigaste turistattraksjonane på Irland, med rundt 1,5 millionar vitjande kvart år.[6]

Geologi og dyreliv

Klippene består for det meste av skifer og sandstein. Ein kan sjå 300 millionar år gamle elve- og bekkefar i dei lågaste delane av landskapet.

På klippene finst kring 30 000 fuglar frå 29 forskjellige arter. Lundefugl hekkar her i store koloniar i utilgjengelege delar av klippene, og på den vesle «Goat Island». Her finst også ravn, hauk, måke, lomvi, storskarv og alpekaie.

Galleri

Kjelder