Naturvitskap

Naturvitskap er empirisk vitskap som har som mål å forklare hendingar og lovmessige samanhengar (naturlover) i levande og ikkje-levande natur.

Vitskapane som vert rekna som naturvitskapar er:

Lista er ikkje utfyllande, dette då vitskapane overlappar kvarandre, og at det har oppstått mange forskingsfelt langs desse skjeringslinene.Døme er astrofysikk, biogeografi, geofysikk eller mineralogi.

Medisin og psykologi er i ei viss særstilling.Saman med mange andre vitskapar som er via mennesket, vert desse vanlegvis rekna til samfunnsvitskapane.I den grad medisin og psykologi nyttar naturvitskapelege metodar i sine utgreiingar av mennesket, kan dei i somme høve bli rekna som naturvitskap.

Matematikk er eit viktig hjelpemiddel for samtlege naturvitskapar, men vert ikkje sjølv rekna som naturvitskap (jf. realfag).Dette fordi matematikk ikkje er ein empirisk vitskap.