Nils Liedholm

svensk fotballspelar

Nils Erik Liedholm (8. oktober 19225. november 2007) var ein svensk fotballsspelar og -trenar frå Valdemarsviks kommun i Östergötlands län. Han vann OL-gull 1948 og VM-sølv 1958 med det svenske landslaget og var gjennom 1950-åra del i den legendariske svenske trioen Gre-No-Li i AC Milan. Liedholm var ein klok indreløpar og ein uvanleg presis pasningsleggjar.

Nils Liedholm
Fødd8. oktober 1922
FødestadValdemarsvik
Død5. november 2007
DødsstadCuccaro Monferrato

Liedholm byrja spele for Valdemarsviks IF i 1938. Fem år seinare kom han til Norrköpings-klubben IK Sleipner. Frå 1946 spelte han på storklubben IFK Norrköping, eit lag han vann allsvenskan med både i 1947 og 1948. Gjennom åra 1947-49 spelte han 18 landskampar, høgdepunktet var finalen i dei olympiske sommarleikane 1948 i London, ein kamp som enda med svensk siger 3-1 over Jugoslavia.

Gre-No-Li; frå venstre Gunnar Gren, Gunnar Nordahl og Niels Liedholm

Sommaren 1949 skreiv Lidholm kontrakt med AC Milan. I Milan fekk han landsmennene Gunnar Gren og Gunnar Nordahl til lagkameratar. Liedholm vart den sentrale spelstyraren i Gre-No-Li-trioen, ein angrepstrio som skapte svensk etterkrigshistorie ikkje berre i AC Milan men også i italiensk fotball. Gjennom tolv sesongar var han med å vinne den italienske liagen fire gongar. I 1958 tok Milan seg til finalen i europacupen i fotball, der det vart tap for Real Madrid. Etter å ha vore utanfor landslaget i nær ti år, deltok Liedholm i VM i fotball 1958 på svensk heimebane. Han var Sveriges lagkaptein i alle fem VM-kampane. Den 29. juni 1958 leidde han eit svensk lag ut til finalen i turneringa. Fire minuttar ut i kampen mot Brasil sende han Sverige i føringa, men sidan tok brasilianarane over og vann 5-2, ikkje minst takk vere 17-åringen Pele. Med dei fem VM-kampane kom Liedholm opp i 23 kampar og 12 mål i landslagstrøya.

Både i 1960-, 1970- og 1980-åra var Liedholm trenar for AC Milan, eit lag han førte til seriemeisterskap 1979. Tre år etter førte han også AS Roma til siger i Serie A. Også AS Roma trente han i fleire periodar.

Liedholm flytta ikkje tilbake til Sverige. Han døydde i ein landsby i provinsen Alessandria, der han hadde budd i fleire tiår.

Kjelder

🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen