Oppland fylke

tidlegare fylke i Noreg
«oppland» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå oppland (fleirtyding).

Oppland er eit tidlegare fylke i Noreg. Det grensa til Trøndelag i nord, Møre og Romsdal i nordvest, Sogn og Fjordane i vest, Buskerud i sørvest, Oslo i sør, Akershus i søraust og Hedmark i aust. Oppland var saman med Hedmark dei einaste fylka i Noreg som ikkje har kyst. I 2020 blei fylket del av det nye Innlandet fylke.

Oppland fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land Noreg
Del avAustlandet
Adm.senterLillehammer
Areal25 190 km²
 - land23 878 km²
 - vatn1 312 km²
Folketal 189 545 (1. januar 2019)[1]
Målformnøytral
StatsforvaltarKnut Storberget
FylkesordførarEven A. Hagen (Ap)
Fylkesnummer05
Kart
Oppland fylke
61°25′N 9°20′E / 61.41°N 9.34°E / 61.41; 9.34
Wikimedia Commons: Oppland
Nettstad: www.oppland.no
Oppland fylkeskommune har administrasjon på Lillehammer

Oppland bestod av dei to dalføra Gudbrandsdalen og Valdres, og dei tre landskapa Toten, Hadeland og Land. Det var fire byar i fylket Gjøvik, Lillehammer, Otta og Fagernes. Fylkesadministasjonen låg på Lillehammer. Jordbruk, industri og turisme var dei største næringane i fylket.

Fylkesvåpenet blei godkjent i 1989 og har ein sølv mogop mot ein grøn bakgrunn. Dei to blomane symboliserer dalføra, Gudbrandsdalen og Valdres, og dei tre blada symboliserer landskapa sør i fylket.

Geografi

Oppland har ein variert natur. Den sørlegaste delen av fylket er prega av flate bygder og lenger nord ligg dalføra Gudbrandsdalen og mot vest Valdres. Der ligg fjellområda Jotunheimen, Reinheimen, Rondane, delar av Breheimen og Dovrefjell. Dei høgaste fjella i Noreg ligg i desse fjellområda. Det renn to store og ei mindre elv gjennom Oppland. Frå Lesjaskogsvatnet renn Gudbrandsdalslågen som blir til Mjøsa ved Lillehammer som er Noregs største innsjø. Begna renn gjennom Valdres og Ottaelva renn igjennom Ottadalen.

Oppland omfattar områda som har avløp til Mjøsa frå nord og vest (Gudbrandsdalen med sidedalar og tilgrensande fjellstrøk, og Toten), områda som har avløp til Randsfjorden (Land og Hadeland), og Valdres som har avløp gjennom Begna til Sperillen i Buskerud. Lengst i sør har fylket ei kort grense mot Oslo, herfrå til Mjøsa grensar det mot Akershus. Mjøsa blir delt med Akershus og Hedmark; grensa mot Hedmark går nord for Mjøsa litt aust for vasskiljet mellom Østerdalen og Gudbrandsdalen heilt til Hjerkinn på Dovre. Vestover herfrå er grensa fyrst mot Sør-Trøndelag, deretter mot Møre og Romsdal. Grensa mot Sogn og Fjordane byrjar like søraust for Djupvasshytta ved vegen til Geiranger og går sørover til SulevatnetFilefjell. Resten av grensa er mot Buskerud.

Klima

Oppland har eit variert klima, særleg når det kjem til vind og nedbør. Dei fleste busette områda har eit «dalklima» med lite vind og nedbør, kalde vintrar og varme somrar.

I høgda bles det oftast frå mellom sørvest og vest, men den kraftigaste vinden kjem vanlegvis frå nordvest, og denne kan òg slå ned i dalane. I rolege vêrsituasjonar er det terrenget som pregar vinden. Om vinteren vil lufta ofte strøyme frå høgare til lågare nivå, ned dalsider og ut dalføra. Om sommaren bles det ofte dalvind motsett veg, særleg om ettermiddagen.

Middeltemperaturen varierer lite gjennom vinteren. I januar er middeltemperaturen mellom ca. –8 °C og ca. –12 °C både i dalføra og i fjellet. Dei lågaste temperaturane er frå –30 °C til –35 °C, enkelte stader ned mot –40 °C. I juli er middeltemperaturen stort sett mellom 14 °C og 16 °C i dalføra. Fjell rundt 1000 moh. har 10–12 °C, i 2000 moh. er den normale julitemperaturen 3–5 °C. Dei høgaste målte temperaturane nede i dalane er mellom 30 °C og 35 °C.

Nedbøren for året varierer frå kring 700 mm i søraust til 400 mm og til dels mindre i dalstrøka. Heilt nord i Gudbrandsdalen med sidedalane her finn ein dei tørraste områda i landet, som Skjåk, med under 300 mm på eit heilt år. Dette kjem av at området ligg i regnskuggen til dei høge fjellområda kring. Nedbøren aukar med høgda. I sentrale og søraustlege fjell er det rundt 1000 mm på det meste. Det kjem som regle mest nedbør i juli og august, men i fjellet kjem det òg mykje nedbør på vinterstid.

Tåke er vanlegast på hausten og tidleg på vinteren. I dalane er tåka stort lokal og opptrer oftast nær opne elvar og vatn. Tåke i fjellet kjem hovudsakleg av låge skyer som driv inn frå mellom vest og søraust. I dei sentrale fjellområda er det lite tåke.

Historie

Før Harald Hårfagre samla Noreg var Oppland eit småkongedøme.Nokre kongar av Oppland var

  • Eystein, far til Åsa som gifta seg med Halfdan Hvitbeinn i Ynglingasoga
  • Halfdan «den gamle» Sveidasson (om lag 750)
  • Ivar Halfdansson (om lag 770)
  • Eystein «Glumra» Ivarsson, far til Ragnvald Eysteinsson (788)

Politikk

Det er 37 representantar i fylkestinget.

Partifordeling etter valet i 2015:

Parti:Representantar:
Arbeidarpartiet16
Høgre5
Framstegspartiet3
Sosialistisk Venstreparti1
Senterpartiet7
Miljøpartiet dei grøne2
Kristeleg Folkeparti1
Venstre2

Even Aleksander Hagen (Ap) er fylkesordførar og Aud Hove (Sp) er fylkesvaraordførar.

Kommunar

Nr.NamnAdm.senterFolkemengdFlatevidd km²MålformDistrikt
0501 LillehammerLillehammer000000000000477.0000000000477bokmålSør-Gudbrandsdal
0502 GjøvikGjøvik000000000000672.0000000000672bokmålGjøvik
0511 DovreDovre000000000001364.00000000001 364nøytralNord-Gudbrandsdal
0512 LesjaLesja000000000002259.00000000002 259nøytralNord-Gudbrandsdal
0513 SkjåkBismo000000000002076.00000000002 076nynorskNord-Gudbrandsdal
0514 LomFossbergom000000000001969.00000000001 969nynorskNord-Gudbrandsdal
0515 VågåVågåmo000000000001330.00000000001 330nynorskNord-Gudbrandsdal
0516 Nord-FronVinstra000000000001141.00000000001 141nynorskMidt-Gudbrandsdal
0517 SelOtta000000000000905.0000000000905nøytralNord-Gudbrandsdal
0519 Sør-FronHundorp000000000000742.0000000000742nøytralMidt-Gudbrandsdal
0520 RingebuVålebru000000000001248.00000000001 248nøytralMidt-Gudbrandsdal
0521 ØyerTingberg000000000000640.0000000000640nøytralSør-Gudbrandsdal
0522 GausdalSegalstad bru000000000001192.00000000001 192nøytralSør-Gudbrandsdal
0528 Østre TotenLena000000000000562.0000000000562bokmålToten
0529 Vestre TotenRaufoss000000000000249.0000000000249bokmålToten
0532 JevnakerJevnaker000000000000226.0000000000226bokmålHadeland
0533 LunnerRoa000000000000292.0000000000292bokmålHadeland
0534 GranJaren000000000000757.0000000000757bokmålHadeland
0536 Søndre LandHov000000000000728.0000000000728bokmålLand
0538 Nordre LandDokka000000000000955.0000000000955bokmålLand
0540 Sør-AurdalBagn000000000001109.00000000001 109nøytralValdres
0541 EtnedalBruflat000000000000459.0000000000459nøytralValdres
0542 Nord-AurdalFagernes000000000000907.0000000000907nøytralValdres
0543 Vestre SlidreSlidre000000000000463.0000000000463nynorskValdres
0544 Øystre SlidreHeggenes000000000000963.0000000000963nynorskValdres
0545 VangVang000000000001505.00000000001 505nynorskValdres
Totalt OpplandLillehammer'000000000025190.000000000025 190nøytralOppland

Kjelder

Bakgrunnsstoff