Perturbasjon i astronomi

Ein perturbasjon innan astronomi er ei forstyrring eller eit avvik i den relative rørsla til ein himmellekam, som jorda, omkring ein sentrallekam, som sola, skapt av gravitasjonsverkanden frå ein tredje himmellekam, som til dømes Jupiter. Den tredje lekamen vert kalla den perturberande himmellekamen.

Dei perturberande kreftene til sola på månen.

Periodiske perturbasjonar vert gjenteken i forholdsvis korte tidsrom. Sekulære perturbasjonar er særs langsame forandringar. Desse er òg periodiske, men med særs lange periodar. Det var perturbasjonen i rørsla til Uranus som førte til oppdaginga av Neptun i 1846. Banen til månen er sterkt perturbert, noko som i høg grad vanskeleggjer utrekninga av posisjonen til månen.

Kjelder