Rutland

Rutland er eit grevskap i England, som grensar i vest og nord til Leicestershire, i nordaust til Lincolnshire og i søraust til Peterborough.

Rutland
Motto: Multum in parvo («Mykje i lite»)
Geografi
StatusSeremonielt grevskap og sameint styresmakt
OpphavHistorisk
RegionAust-Midlands
Areal382 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

39 200
102,6 /km²
Etnisitet98,1 % kvite
Distrikt

ingen

Frå nord til sør er det berre 18 km langt og får vest til aust berre 17 km breitt. Det er den minste sameinte styresmakta i England ut frå folketal og berre City of London har mindre areal. Det er òg det minste historiske grevskapet i England, som har gjeve det mottoet Multum In Parvo eller «mykje i lite».[1] Av dei moderne seremonielle grevskapa er Isle of Wight, City of London og City of Bristol mindre.

Dei einaste byane i Rutland er Oakham, som er administrasjonsstad, og Uppingham. Midt i grevskapet ligg det store vassreservoaret Rutland Water. Dette ere it viktig naturreservat for overvintrande fuglevilt og hekkestad for fiskeørn.

Dei eldste hyttene i Rutland er bygd av kalkstein eller jernmalm og mange har tak av Collywestonskifer eller takhalm.

Bakgrunnsstoff

Kjelder