Sevilla FC

Sevilla Fútbol Club er ein fotballklubb i Sevilla i Andalusia i Spania. Klubben spelar i Primera Division, toppdivisjonen i Spania. Sevilla FC vart skipa 14. oktober 1905 og spela 1934/35-sesongen for fyrste gong på spansk toppnivå.

Lagoppstillingane til finalen i UEFA-cupen 2007 mellom Sevilla (raude) og Espanyol (blåkvite) i Glasgow

Sevilla gjekk til topps i UEFA-cupen både i 2006 og 2007. Klubben vann sitt einaste seriemeisterskap i 1946. Fem gongar har Sevilla vunne den spanske cupmeisterskapen, siste gongen i 2010.

Klubben spelar heimekampane på Estadio Ramón Sánchez Pizjuán i bydelen Nervión i Sevilla. Stadion har ein tribunekapasitet på 45 500. Laget spelar i kvite trøyer og bukser, og har ein sterk byrival i Real Betis.

Spelarstall

Namna i tabellen var oppdaterte (30. juli 2020), sist endra i august 2020.[1][2][3][4]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr.PosisjonSpelar
1 KTomáš Vaclík
3 FSergi Gómez
5 MBLucas Ocampos
10 MBÉver Banega (overgang til Al-Shabab 6. oktober 2020)
11 AMunir El Haddadi
12 FJules Koundé
13 KBono (på lån frå Girona)
14 ASuso
15 AYoussef En-Nesyri
Nr.PosisjonSpelar
16 FJesús Navas
17 MBNemanja Gudelj
18 FSergio Escudero
19 ALuuk de Jong
20 FDiego Carlos
21 MBÓliver Torres
22 MBFranco Vázquez
23 FSergio Reguilón (på lån frå Real Madrid)
24 MBJoan Jordán
25 MBFernando
31 KJavi Díaz

Kjelder