Slaget ved Lodi

Slaget ved Lodi, eller slaget ved Lodi bru, var eit slag mellom franske og austerrikske styrkar utanfor Lodi den 11. mai 1796.

Slaget ved Lodi
Del av Dei franske revolusjonskrigane

General Bonaparte gjev ordrar i 'Slaget ved Lodi' av Louis-François Lejeune
Dato10. mai 1796
StadLodi i noverande Italia
ResultatFransk siger
Partar
Den første franske republikkenHabsburg-monarkiet
Styrkar
15 500 infanteri
2 000 kavaleri
9 500[1]
Tap
500-2 0002 036

Det var ein del av Den første koalisjonskrigen under dei franske revolusjonskrigane. Franskmennene kom sigrande ut av slaget. Sigeren opna vegen til Milano for den franske hæren. Slaget var også viktig for Napoleon si utvikling fransk leiar. I følgje han sjølv var det dette slaget som overtydde han om at han var overlegen andre generalar, og at det var skjebnen hans å oppnå store ting.[2]

I opptakten til slaget forfølgde franske troppar dei austerrikske, som trekte seg tilbake gjennom Italia. Franskmennene kom fram til Casal klokka 3 om morgonen den 11. ma. Klokka 9 støtte dei franske fortroppane på austerrikske troppar som forsvara området ved Lodi. Napoleon sende kavaleriet han rådde over mot dei, og divisjonane til generalane Pierre Augereau og André Masséna blei sett i marsj. Fortroppane klarte å jaga fiendetroppane på flukt og erobra ein kanon. Dei franske styrkane rykka inn i Lodi og forfølgde dei austerrikske, som då hadde kryssa Adda.

Austerrikarane, under befalet til Johann Peter Beaulieu, stilte seg i formasjon med 30 kanonar som forsvar for brua på bortsida av elva.Franskmennene posisjonerte artilleriet sitt på andre elvebreidda. I nokre timar skaut partane på kvarandre. Imens stilte dei gjenverande franske styrkane seg i åtaksformasjon. Andre bataljon gjekk fremst, følgd av grenaderbataljonane. Først makta ikkje dei franske troppane å slå gjennom, men leia av generalane Louis Alexandre Berthier, Massena, Jean-Baptiste Cervoni, Claude Dallemagne, brigadesjefen Jean Lannes og bataljonsjefen Dupat fekk dei til slutt eit gjennombrot. Dei austerrikske fottroppane flykta. Det austerrikske kavaleriet blei sett inn for å dekka flukta dei. Franske styrkar slo dei tilbake, men var etter å ha marsjert over 5 mil for trøytte til å kunna forfølgja austerrikarane.

Kjelder

Denne historieartikkelen som har med militær å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.