Solflekk

Solflekkar er relativt kjølege og dermed mørke flekkar på overflata til sola. Eit mål på solflekkaktiviteten er Wolf-talet

Solflekkar 22. juni 2004
Detaljert bilete, 13. desember 2006

Solflekkar vert skapt av intens magnetisk aktivitet, som hindrar konveksjon og fører til redusert overflatetemperatur. Dei opptrer vanlegvis i par, der kvar solflekk har motsett magnetisk pol til kvarandre.[1]

Sjølv om temperaturen her er rundt 3000–4500 Kelvin, er områda rundt kring 5780 Kelvin. Sidan intensiteten til lysstyrken til ein oppvarma svartlekam er ein funksjon av temperaturen, ser solflekkane mørke ut. Men om solflekkane hadde vore isolerte frå resten av sola hadde dei vore langt meir lyssterke enn månen.[2] Solflekkane utvidar seg og trekk seg saman når dei flyttar seg over soloverflata, og kan vere så små som 16 km[3] og så store som 160 000 km[4] i diameter, og dei største er så store at dei er synlege frå jorda utan at ein treng teleskop.[5]Dei kan òg flytte seg med ein relativ snøggleik (eigenrørsle) på fleire hundre meter i sekundet når dei først dukka opp i fotosfæren.

Den intense magnetiske aktiviteten fører til andre fenomen som protuberansar. Dei fleste solstormar og flares oppstår i magnetisk aktive områder run solflekkar. Ein har observert fenomentet indreikte på andre stjerner, og vert då ofte kalla stjerneflekkar.[6]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Solflekk