Stempelmotorar med innvendig forbrenning

Stempelmotorar med innvendig forbrenning er forbrenningsmotorar der forbrenningskammeret har direkte kontakt med eit stempel som overfører energien som vert frigjort under forbrenninga til mekanisk arbeid. I dei fleste forbrenningsmotorar med intern forbrenning har stemplet ei lineær rørsle, men nokre, som wankelmotorar, har roterande stempel. Forbrenninga skjer i diskontinuerlege tidsbolkar, kalla «takter».

Stempelmotor med intern forbrenning.

Klassifisering etter termodynamisk prinsipp

Klassifisering etter talet på takter

Klassifisering etter stempelrørsle

Klassifisering etter drivstofftype

Klassifisering etter drivstofftilførsel

Klassifisering etter tenningsmåte

Soge

  • 1206: Al-Jazari fann opp ei dobbeltverkande stempelpumpe med veivaksel og råde.
  • 1551: Leonardo da Vinci foreslo ein forbrenningsmotor (utan kompresjon).
  • 1673: Abbé Hautefeuille foreslo ein forbrenningsmotor som nytta krut som drivstoff, for å pumpa vatn. Prinsippet var å nytta atmosfæretrykket til å lyfta vatnet ved at det oppstod undertrykk i sylinderen når gassen vart avkjølt etter eksplosjonen.[1]
  • 1600-talet: Samuel Morland eksperimenterte med å nytta krut for å generera undertrykk for å lyfta vatn.
  • 1678: Christiaan Huygens eksperimenterte med ein krutdriven undertrykkstempelmotor. Huygens skal ha fått motoren til å fungera og demonstrerte han i 1680.[1]
  • 1780: Alessandro Volta nytta ein elektrisk gneiste til å tenna ei luft-hydrogen-blanding.[2]
  • 1794: Robert Street fekk patent på ein forbrenningsmotor (utan kompresjon) som nytta terpentin- eller oljedamp.
  • 1801: Philippe Lebon fekk patent på ein dobbeltverkande gassmotor (utan kompresjon).
  • 1806; François Isaac de Rivaz konstruerte ein stempelmotor som gjekk på ei blanding av hydrogen og oksygen.
  • 1820: W. Cecil publiserte eit framlegg til ein stempelmotor som nytta hydrogen som drivstoff. Det var atmosfæretrykket som utførte arbeid når gassen i sylinderen vart avkjølt etter forbrenninga.[1]
  • 1823: Samuel Brown bygde og fekk patent på ein atmosfæremotor som nytta gass som brennstoff.
  • 1823: Whright fekk patent på ein dobbeltverkande gassmotor med sentrifugalregulator.[1]
  • 1826: Samuel Morey fekk patent på og bygde ein motor som nytta terpentin son drivstoff.
  • 1838: William Barnett fekk patent på ein gassmotor som i tillegg til arbeidssylinderen hadde to andre sylindrar som komprimerte lufta og gassen før dei vart blanda. Motoren hadde ikkje kompresjon, men gassen som strøyma inn i sylinderen hadde overtrykktrykk.[1]
  • 1843: Drake bygde ein gassmotor som gjekk på lampegass. Turtalet var på 160 o/min og effekten på rundt 20 hk.[1]
  • 1856: Eugenio Barsanti og Felice Matteucci bygde ein gassmotor som vart installert på Maria Antonia jarnbanestasjon i Firenze.
  • 1860: Jean-Joseph Étienne Lenoir tok patent på ein totakts gassmotor med innvendig forbrenning, men utan kompresjon. Lenoir testa motoren i ein primitiv bil.[3] Motorane til Lenoir er rekna som dei fyrste som var brukbare i praksis, sjølv om dei hadde svært dårleg verkingsgrad.
  • 1860: Christian Reithmann fekk patent på firetaktsmotoren.
  • 1862: Alphonse Beau de Rochas fekk patent på ein firetaktsmotor med sjølvtenning.
  • 1863: Jean-Joseph Étienne Lenoir utvikla ein forgassar og prøvekøyrer ein bil med forbrenningsmotor for flytande drivstoff [3].
  • 1870: Siegfried Marcus bygde ein totaktsmotor utan kompresjon, etter same mønster som Lenoir. Han monterte motoren i ei vogn.
  • 1877: Nikolaus August Otto tok patent på ein firetaktsmotor med innvendig forbrenning, med kompresjon (patentet vart seinare oppheva, etter ei rettssak).
  • 1882: George Brayton bygde ein motor som gjekk på parafin, med ein separat sylinder for kompresjon. Motoren hadde låg verkingsgrad.
  • 1885: Herbert Akroyd Stuart tok patent på glødehovudmotoren.[4]
  • 1892: Rudolf Diesel tok patent på dieselmotoren.
  • 1929: Felix Wankel tok patent på wankelmotoren.
  • 1970-talet: Ein fekk elektronisk kontrollert tenning i bilmotorar.
  • 1980-talet: Det elektroniske tenningssystemet vart forbetra for å minske forureining.
  • 1980-talet: Ein fekk elektronisk drivstoffinnsprøyting på bensinmotorar til bil.
  • 1990-talet: Ein fekk hybridkøyretøy som nyttar både ein forbrenningsmotor og ein elektrisk motor.

Referansar

Sjå òg