Suluøyane
Suluøyane er ei øygruppe som høyrer til Filippinane, med Basilan og Sulu som dei to største øyane. Øyane ligg like sør for Suluhavet og nord for Celebeshavet.[1] Dei er ein del av den større øygruppa Mindanao, og omfattar provinsane Basilan, Sulu og Tawi-Tawi. Øygruppa blir derfor av og til omtalt som Basulta, avleidd frå fyrstestaving til kvart provinsnamn. Det totale arealet til øygruppa er på 3 861 kvadratkilometer.
Suluøyane | |||
øygruppe | |||
Frå Basilan | |||
Land | Filippinane | ||
---|---|---|---|
Del av | Mindanao | ||
Suluøyane 6°N 121°E / 6°N 121°E | |||
Wikimedia Commons: Sulu Archipelago | |||
Øyane er danna av ein undervassrygg som er blitt løfta opp gjennom vipping av ei jordskorpeplate.[2][3] Basilan, Jolo, Tawitawi og andre øyar i gruppa er utdøydde vulkanar frå sørdelen av ryggen. Øyrekkja dannar ei viktig migrasjonsrute for fuglar.
Fram til 1917 utgjorde Suluøyane eit sjølvstendig sultanat, Sultanatet Sulu, som på 1700-talet også kontrollerte den større øya Palawan i nord, nordaustlege delar av Borneo og Zamboangahalvøya på Mindanao.
Dei største kommunane i området ligg på øya Jolo. Urfolksgrupper på øyane er tausugfolk og ulike grupper samalfolk (eller samafolk). Tausug er eit utbreidd språk i øygruppa, både som fyrste- og andrespråk. Yakan er eit utbreidd språk på Basilan. Det blir også tala fleire dialektar av sinama i heile øygruppa, frå Tawi-Tawi-øyane til Mapun-øyane, kysten av Mindanao og vidare.
Geografi
Øygruppa kan delast inn i fleire mindre grupper, for det meste rundt hovudøyane Basilan, Jolo og Tawi-Tawi. Det finst også andre grupper.
Basilangruppa
Jologruppa
Keenapusangruppa
Laparangruppa
Pangutarangruppa
| Sibutugruppa
Tapulgruppa
Tawi-Tawi-gruppa
Andre
|