Filippinane

Repúbliká ng̃ Pilipinas
Republic of the Philippines

(norsk: Filippinane, filippinsk)

Det filippinske flaggetDet filippinske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Lupang Hinirang»
MottoFilippinsk: Maka-Diyos, Maka-Tao, Makakalikasan at Makabansa (For kjærleiken til Gud, folk, natur og land)
Geografisk plassering av Filippinane
Offisielle språkFilipino og engelsk
HovudstadManila
Styresett
Republikk
Rodrigo Duterte
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
300 000 km² (72.)
0,6 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
104 256 076 (12.)
347,5 /km² (25.)
Sjølvstende
frå USA
4. juli 1946
Nasjonaldag12. juni
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
740 800 mill. USD (29.)
7 900 USD (123.)
ValutaFilippinsk peso
TidssoneUTC +8
Telefonkode+63
Toppnivådomene.ph


Republikken Filippinane er ein øynasjon i Søraust-Asia. Landet består av 7 641[1] øyar og ligg i Stillehavet. Hovudstaden Manila ligg på den største øya, Luzon.

Landet var spansk koloni frå 1521 til 1898, og deretter kontrollert av USA til 1946. Dette var etter den filippinsk-amerikanske krigen. Det er saman med Aust-Timor og Sør-Korea eit av dei tre asiatiske landa som har kristendom som dominerande religion. Saman med den amerikanske innverknaden har dette gjort Filippinane til eit av dei mest vestlegorienterte landa i Asia.

Fakta

Folkesetnaden si middellivslengd: 69,3 år Spedbarnsdødelegheit:25 pr. 1000Religion: Kristendom (romersk-katolsk 83 %, protestantisk 9 %), islam 5 %.

Kart over Filippinane

Klima

Sjølv om Sørkinahavet og Filippinarhavet er varme hav vert likevel Filippinane påverka av den asiatiske monsunen. Medan Mindanao og dei sørlege Filippinane har høge temperaturar året rundt, kan Luzon, inkludert Manila, få noko kjøligare netter frå november til mars. Vinternettene i Luzon går innimellom under 15 °C sjølv ved havnivå. Tyfonar i det nordvestlege Stillehavet råkar ofte øygruppa og gjer at perioden juli til september er den våtaste i løpet av året. Filippane har etter måten tørre forhold om vinteren, men dei austlege og nordlege områda av øygruppa kan få ein del regnbyer. Manilla har ein årleg nedbørsnormal på 2042 mm.

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Offisielle vevsider

Nyhende-vevsider

Andre vevsider

Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Filippinane» på Wikipedia på bokmål/riksmål.