Sweet Caroline

song av Neil Diamond
Sweet Caroline
av Neil Diamond
B-side

«Dig In»

Språkengelsk
Utgjeve16. september 1969
SjangerSoftrock, pop
Lengd3:21
SelskapUNI/MCA
KomponistNeil Diamond
TekstforfattarNeil Diamond
Låtskrivar(ar)Neil Diamond
ProdusentTommy Cogbill
Neil Diamond
Chips Moman
Neil Diamond-kronologi 
«Brother Love's Traveling Salvation Show»
(1969)
Sweet Caroline«Holly Holy»
(1969)


«Sweet Caroline» er ein softrocksong skriven og framført av Neil Diamond og offisielt gjeve ut 16. september 1969 på singel. Han vart sidan gjeven ut i desember 1972 på konsertalbumet Hot August Night. Det finst tre forskjellige miksar av songen. Den originale mono-versjonen har eit markant orkester og klokkespel, samanlikna med stereoversjonen som vart gjeve ut på albumet Brother Love's Travelling Salvation Show i 1969. Ein tredje versjon var ein miks som først vart gjeve ut på CD-utgåva av His 12 Greatest Hits. Denne versjonen hadde lyden av orkesteret skrudd ned og korvokalen skrudd opp. Uttoninga er òg lengre. Songen nådde fjerdeplassen på Billboard-lista i USA og selde etter kvart til platinaplate for 1 million selde eksemplar.[1]

Hausten 1969 spelte Diamond «Sweet Caroline» på fleire fjernsynsshow. Han nådde sidan åttandeplassen på singellista i Storbritannia i 1971. I 2007 fortalte Diamond at inspirasjonen hans for «Sweet Caroline» var dottera til president John F. Kennedy, Caroline Kennedy, som var elleve år på den tida.[2][3] Diamond song songen til ho på 50-årsdagen hennar i 2007.[4]

«Sweet Caroline» har vore mykje brukt ved idrettskonkurransar i USA, og har særleg vorte knytt til Boston.[5] On opening night of the 2010 season at Fenway Park, the song was performed by Diamond himself.

20. april 2013, nokre dagar etter Boston-bombinga framførte Neil Diamond songen i lag med publikum føre ein baseballkamp, etterfølgd av eit minutts stille. Songen vart òg spelt føre starten på Hamburg maraton i Hamburg i Tyskland, dagen etter, etterfølgd av eit minutts stille.[6]

Andre versjonar

  • Victor Wood spelte songen på albumet Mr. Lonely.
  • Pierre Lalonde song i 1969 ein fransk versjon av songen kalla «Caroline».
  • Andy Williams gav ut ein versjon i 1969 på albumet Get Together with Andy Williams.
  • Bobby Womack spelte inn songen i 1972 for albumet Understanding.
  • Frank Sinatra spelte ein storbandversjon av «Sweet Caroline» i 1974 for albumet Some Nice Things I've Missed.
  • Me First and the Gimme Gimmes spelte ein punkrockversjon av songen i 1997 på albumet Have a Ball.
  • I november 2001 gjekk Dustin the Turkey til topps på den irske singellista med songen.
  • Dave Matthews Band gav ut konsertversjonar av songen på Live Trax, Vol.6: Fenway Park og Live Trax, Vol.9: Live at MGM Grand Garden Arena
  • Elvis Presley spelte songen i 1970[7]

Kjelder

Bakgrunnsstoff