Tåkeskog
Tåkeskog er ein biotop dominert av tett skog i fuktige, tropiske og høgtliggande område, typisk mellom 2000 og 3000 moh. Det meste av denne biotypen finst i Asia, resten er delt på Latin-Amerika med 25 % og Afrika med 15 %.
I dag går areala attende grunna klimaendringar, aktivitetar i samband med vegbygging og skoghogst, og vekst i landbruksareal. Attendegangen gjer mange forskarar uroa fordi områda er kjelde for reint vatn til mange millionar menneske og fordi biotypen held eit rikt genetisk mangfald.
Fleire vidkjende artar har funne sin biotop i tåkeskogen, til dømes den afrikanske gorillaen, den kinesiske kjempepandaen, og Guatemala sitt nasjonalsymbol, praktquetzalen.
Kjelder
- Kirby, A., Earth's cloud forests threatened, BBC.
🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen