Fløyelsblomslekta

planteslekt
(Omdirigert frå Tagetes)
Fløyelsblomslekta
Tagetes lucida
Tagetes lucida
Systematikk
Rike:Planteriket Plantae
Infrarike:Streptophyta
Overrekkje:Landplantar Embryophyta
Rekkje:Karplantar Tracheophyta
Underrekkje:Frøplantar Spermatophytes
Orden:Korgplanteordenen Asterales
Familie:Korgplantefamilien Asteraceae
Slekt:Fløyelsblomslekta Tagetes
L., 1753

Fløyelsblomslekta (Tagetes) er ei planteslekt i korgplantefamilien. Slekta har i dag om lag 50-60 artar der dei fleste er utbreidde i tropiske eller subtropiske delar av Amerika. Plantene har sterk lukt og er eitt- eller fleirårige urteatige planter. Nokre få artar er halvbuskar eller buskar.

Blada sit oftast motsett, og dei er lappa eller ulikefinna med meir eller mindre tanna rand. Blomstrane dannar ein endestilt stand (ei korg) med frå 13 til meir enn 100 tungeforma randblomstrar og 6-120 røyrforma skiveblomstrar, der alle er fruktbare. Fruktene er nøtter.

Etymologi

Namnet kjem frå Tages, opphavleg ein etruskisk gud og seinare gjort til barnebarnet av Jupiter av romarane. Grunnen til at Linné valde dette namnet er truleg på grunn av kor lett frøa til desse artane spirer og planta har lett for å komme att år etter år frå frøa som vart produserte året før.[1]

Hybridar

Tagetes-kultivar

Det er kryssa fram ei rekke eittårige hybridar og kultivarar som kan samlast i ulike grupper. Nokre grupper er:

  • 'African': Hybridar og kultivarar av Tagetes erecta. Kompakte plantar med kvite, fylte opptil 12 cm breie blomstrar.
  • 'Afro-French': Kryssingar mellom Tagetes erecta og Tagetes patula med talrike små blomstrar.
  • 'French': Hybridar og kultivarar av Tagetes patula. Om lag 5 cm breie blomsterkorger, der enkeltblomstrane i korga har lysare farge ytst.
  • 'Signet': Har Tagetes tenuifolia som stamform. Dei mange blomstrane er enkle og opptil 3 cm breidd. Blomstringa varar lenge.

Nokre artar

Eit utval av artar med engelske namn der det eksisterer er lista opp nedanfor. Berre tre av artane har offisielle norske namn, fløyelsblom, sprikefløyelsblom og stankfløyelsblom.

  • Tagetes argentina Cabrera
  • Tagetes biflora Cabrera
  • Tagetes campanulata Griseb.
  • Tagetes dianthiflora Kunth
  • Tagetes elliptica Sm.
  • Tagetes erecta L. – fløyelsblom
  • Tagetes filifolia Lag.
  • Tagetes foetidissima DC.
  • Tagetes hartwegii Greenm.
  • Tagetes heterocarpha Rydb.
  • Tagetes laxa Cabrera
  • Tagetes lemmoni A.Gray – Mt. Lemmon marigold
  • Tagetes lucida Cav. – Mexican mint marigold, Texas tarragon
  • Tagetes mendocina Phil.
  • Tagetes micrantha Cav. – licorice marigold
  • Tagetes minuta - stankfløyelsblom L. – wild marigold
  • Tagetes mulleri S.F.Blake
  • Tagetes multiflora Kunth
  • Tagetes nelsonii Greenm.
  • Tagetes parryi A.Gray
  • Tagetes patula - sprikefløyelsblom (fløyelsblom) L. – French marigold
  • Tagetes pectinata Turcz.
  • Tagetes perezii Cabrera
  • Tagetes pringlei S.Watson
  • Tagetes remotiflora Kunze
  • Tagetes riojana M.Ferraro
  • Tagetes rupestris Cabrera
  • Tagetes stenophylla B.L.Rob.
  • Tagetes subulata Cerv.
  • Tagetes tenuifolia Cav. – signet marigold
  • Tagetes terniflora Kunth
  • Tagetes verticillata Lag. & Rodr.
  • Tagetes zypaquierensis Humb. & Bonpl.[2][3]

Tidlegare plassert i tagetes

  • Tithonia rotundifolia (Mill.) S.F.Blake (som T. rotundifolia Mill.)[3]

Referansar

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Fløyelsblomslekta
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Tagetes