Takstein

Takstein og takpanner er stein ein bruker til taktekking. Takstein kan vera laga av naturstein (som takskifer), brent leire (taktegl) eller betong.[1] Skiferstein er flat, medan tegl– og betongstein også kan ha krum form, med eller utan falsar.[1] Falsane skal få taksteinane til å slutta tettare saman og hindra at nedbør driv inn i huset gjennom taket.[1] Taktegl kan vera glasert eller uglasert, meda takstein av betong gjerne er gjennomfarga eller forsynt med eit belegg av farga mineralkorn.[1]

Taktekkar legg skifertak på eit hus i Rothesay på Isle of Bute.
Takstein av tegl frå den greske antikken

Kjelder