Thalasseus

fugleslekt
Thalasseus
Langnebbterne, Thalasseus elegans Foto: Wikimedia-brukar Regular_Daddy
Langnebbterne, Thalasseus elegans
Foto: Wikimedia-brukar Regular_Daddy
Systematikk
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Fuglar Aves
Underklasse:Neognathae
Overorden:Neoaves
Orden:Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden:Lari
Familie:Måsefamilien Laridae
Underfamilie:Sterninae
Slekt:Thalasseus
Boie, 1822

Thalasseus er ei biologisk slekt av seks store terneartar i måsefamilien. Det noverande slektsnamnet er avleidd frå gresk thalassa, "sjø".[1] Denne gruppa vart tatt i bruk etter år 2005, då det kom framlegg om å skilje ut desse artane frå Sterna-slekta.[2]

Skildring

Dette er av dei største ternene med kroppslengd varierande frå 35 centimeter for bengalterne og opp til 53 cm for hinduterne.[3]

Thalasseus-ternene har lange tynne kvasse nebb, vanlegvis i ein nyanse av gult eller oransje unntatt i splitterne der nebb er svart med gul tupp hos dei fleste underartane. Alle er lyse terner med svart panne og krone i hekkedrakt og med raggete fjørkam på hovudet. I vinterdrakta blir det meste av hovudet kvitt, med svart på bakhovud og nakke.

Fuglane i slekta har samla sett ei nær verdsomspennande utbreiing, og mange av artane er vanlege og velkjende fuglar i områda sine. Hekkinga går føre seg i svært tette koloniar på kysten og på øyar, og unntaksvis i innlandet ved eigna store innsjøar nær kysten. Hannfuglar gjev småfisk til hoene som ein del av frieriet ved pardanninga.

Thalasseus-terner beitar ved stupdukking etter fisk, nesten utan unntak i hav. Dei dukkar vanlegvis direkte, og ikkje etter først å 'stille' i lufta slik som raudnebbterna ofte gjer.

Artslista

Thalasseus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

  • Kongeterne, Thalasseus maximus, Royal Tern, Boddaert , 1783 , (LC)
  • Hinduterne, Thalasseus bergii, Great Crested Tern, Lichtenstein , 1823 , (LC)
  • Splitterne, Thalasseus sandvicensis, Sandwich Tern, Latham , 1787 , (LC)
  • Langnebbterne, Thalasseus elegans, Elegant Tern, Gambel , 1849 , (NT)
  • Bengalterne, Thalasseus bengalensis, Lesser Crested Tern, Lesson , 1831 , (LC)
  • Kinaterne, Thalasseus bernsteini, Chinese Crested Tern, Schlegel , 1863 , (CR)

IOC World Bird List, versjon 6.3, deler opp arten splitterne slik at fuglane i Amerika reknas som ein sjøvstendig art:

  • T. acuflavidus (S. Cabot, 1847) – Cabot’s Tern
Dei skil seg frå underarten sandvicensis ved at dei har mindre kroppsmasse og har gule bein og gult nebb, i staden for svarte som hos T. s. sandvicensis.[6]

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Thalasseus