Timalar

familie av sporvefuglar
Timalar
Strekbrystsigdtimal i Wulai, austlege Taiwan Foto: Wikimedia-brukar:Alnus
Strekbrystsigdtimal i Wulai, austlege Taiwan
Foto: Wikimedia-brukar:Alnus
Systematikk
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Megaklasse:Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse:Tetrapodar Tetrapoda
Klasse:Fuglar Aves
Underklasse:Neognathae
Overorden:Neoaves
Orden:Sporvefuglar Passeriformes
Familie:Timalar Timaliidae
Vigors & Horsfield, 1827

Timalar er ein biologisk familie av sporvefuglar, hovudsakleg i «den gamle verda». Familien har hatt uklår taksonomi, dette var tidlegare ein stor familie på meir enn 360 artar, etter omgruppering er det nå berre 50-60 artar tilbake i følgje Clementslista. Dette er fuglar i tropiske område, med størst variasjon i Søraust-Asia. Denne gruppa var blant dei i «den gamle verda» med høgst mengder artar som er nye for vitskapen.

Skildring

Timalar i tydning den tidlegare store gruppa på over 300 artar var små til mellomstore fuglar, som strekkjer seg i storleik frå dvergsmettimal på 9 centimeter i lengd, til kjempelattertrast på 36 cm. Dei har sterke bein, og mange lever bakkenært. Dei har vanlegvis generalisert nebb, nebba liknar dei til trastar eller songarar, med unntak av sigdtimalar som har sterkt nedbøygd nebb. Dei fleste har hovudsakleg brun fjørdrakt, med minimal skilnad mellom kjønna, men mange fargerike arter finst òg.[1]

Fuglar i denne familien er generelt ikkje trekkfuglar, dei fleste artane har korte, runde venger og er dårlege flygarar. Dei lever i lett skogsterreng eller i eit miljø med krattvekstar, alt frå myr til halvørkenen. Dei er primært insektetarar, men mange vil òg ta bær, og dei større artene vil til og med ete små øgler og andre virveldyr.[1]

Typiske timalar lever i samfunn på rundt eit dusin fuglar, i saman for å forsvare eit territorium. Mange hekkar i eit fellesskap, med eit dominerande par som byggjer eit reir, og resten hjelper med å forsvare og oppdra ungane. Unge hannar held fram i gruppa, medan hoene søkjer seg bort for å finne ei ny gruppe, og dermed unngå innavl. Dei lagar reir av kvister, og gøymer dei i tett vegetasjon.[1]

Systematikk

Clementslista versjon 6.4, desember 2009,[2] tok med 360 artar i lista over timalar, av desse nesten 100 artar i ein tidlegare familien brillefuglar, Zosteropidae. Det går føre seg stor aktivitet med omgrupperingar innanfor taksonomien, etter versjon 6.13, august 2018 av lista er det berre 52 artar tilbake i familien Timaliidae. Zosteropidae er gjenoppretta som familie og andre famliar som Pellorneidae og Leiothrichidae er identifiserte og skilte ut frå Timaliidae.

Timaliidae, timalar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff