Transpirasjon

Transpirasjon er fordamping av vatn frå overflaten til plantar.[1] Transpirasjon føregår hovudsakleg gjennom spalteopningar i blada, og heldt spalteopningane opne slik at planten kan ta til seg karbondioksid, som blir brukt i fotosyntesen.Transpirasjonen fører også til at næringsstoff blir trekte opp frå røtene og opp i vekstskota til plantane. Etter kvart som eit vassmolekyl fordampar frå bladet, dreg det til seg nabomolekylet, slik at vatnet flyt kontinuerleg gjennom planten.[2]Transpirasjon er også med på å kontrollera temperaturen til planten.[1]Plantar kan sleppa ut heile 97–99,5 % av vatnet dei tek opp i røtene gjennom transpirasjon og guttasjon.[3]

Skjematisk framstilling av transpirasjon:
1. Vatn blir transportert inn i røtene og vidare inn i vedvevet.
2. Kohesjons og adhesjon mellom vassmolekyla gjer at dei dannar søyler i vedveveet.
3. Vatnet går frå vedvevet inn i meosfyllcellene i blada, fordampar frå overflaten og forlèt planten ved diffusjon gjennom spalteopningane

Det finst to former for transpirasjon: kutikulær transpirasjon (gjennom celleveggar i epidermisceller og kutikula utanfor) og stomatal transpirasjon (gjennom spalteopningar eller stomata i epidermis).[1]Plantar regulerer transpirasjonsraten gjennom å kontrollera storleiken på spalteopningane.[1] Blada kan også ha ei slik oppbygging at dei reduserer transpirasjonsraten.Tørkeplantar kan til dømes ha tjukkare kutikula, hårete eller samanrulla blad eller spalteopningar som er senka ned i bladoverflata.[1]

Sjå òg

Kjelder