Trogonar

Trogonar
Hindutrogon, Harpactes fasciatus, hannfugl Foto: Subramanya CK
Hindutrogon, Harpactes fasciatus, hannfugl
Foto: Subramanya CK
Utbreiing
Utbreiinga av trogonar
Utbreiinga av trogonar
Systematikk
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Megaklasse:Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse:Tetrapodar Tetrapoda
Klasse:Fuglar Aves
Underklasse:Neognathae
Overorden:Coraciimorphae
Orden:Trogoniformes
Familie:Trogonar Trogonidae
Lesson, 1828

Trogonar og ketsalar utgjer familien Trogonidae, einaste familien i ordenen Trogoniformes. Beste kjenneteikn på artar i familien er at dei har eit arrangement av tærne som ingen andre dyr: tå nummer tre og fire peikar framover, medan nummer ein og to peikar bakover. Ordet 'trogon' kjem frå gresk språk og tyder 'biting' og refererer til det at trogonar gneg ut hòl i tre til reirplass.

Trogonar har spreitt seg til tropisk skog i heile verda, med størst mangfald i Sentral- og Sør-Amerika. Slekta Apaloderma inneheld dei tre afrikanske artane, og genus Harpactes og Apalharpactes inneheld dei i Asia. Alle andre slekter er neotropiske.

Dietten består av insekt og frukt, breitt nebb og veike bein ymtar om dietten åt fuglane og liv i skogshabitat. Sjølv om dei er raske i lufta unngår dei å flyge lengre strekk. Dei er vanlegvis standfuglar, likevel kan somme artar flytte seg rundt lokalt.

Trogonar har mjuke, ofte fargerike, fjør. Kjønna har ulike fjørdrakter. Reira ligg i hòl i tre eller i termittuer, det er 2 til 4 kvite eller pastellfarga egg i kvart kull.

Dei seks artane i slektene Pharomachrus og Euptilotis blir kalla 'ketsalar'.

Artslista

Sumatratrogon, Harpactes mackloti
Foto: Doug Janson
Raudgumptrogon, Harpactes duvaucelii
Foto: Lip Kee

Trogonar og ketsalar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Trogonar